I eit essay på 20000 teikn i tidsskriftet Vagant kritiserar professor Sven Holtsmark sin kollega, professor Glenn Diesen, for å komme med påstandar utan belegg, å hevde ting som står i tråd med russisk propaganda utan nokon gyldig dokumentasjon og å skrive eit innlegg som er «verdiløst som virkelighetsbeskrivelse» i Aftenposten. Holtsmark sitt prosjekt hadde vore heilt riktig om det hadde stemt, men det gjer det ikkje. Holtsmark sin tekst inneheld òg mistak som er langt grovare enn det eg kan sjå at han klarar å få fram hjå Diesen, i tillegg til at han skriv under vilkår som skjerpar krava til han: Han har ti gonger så mykje tekst, han har ein redaktør i støtte og han skriv ein metodekritikk. I sum utgjer det heile eit godt kasus for korleis vilkåra i ordskiftet kring Ukrainakrigen er aktivt fordummande.

Bakgrunn

Sven Holtsmark opptrådte på «Debatten» på NRK 20. mai, kor han mellom anna hevda at påstanden om at Boris Johnson hadde motarbeida fredssamtalane mellom Russland og Ukraina i Tyrkia våren 2022 hadde «sitt opphav i Kreml». Dette fekk meg til å stusse, sidan eg følgde nokså tett med på dei forhandlingane då dei pågjekk, og i ettertid har eg prøvd å få med meg det som har kome ut om dei i diverse media – og eg aldri har fått noko inntrykk av at denne påstanden berre kan sporast attende til russiske kjelder. Det viste seg at Holtsmark var i «Debatten» i alle fall delvis av di han hadde skrive eit essay om Diesen i Vagant, kor eg hadde håpa at eg skulle få ein slags belegg for denne påstanden.

Det fanst ikkje. Det som i staden openbarte seg var ein tekst som det er vanskeleg å forstå at har passert ein kompetent redaktør. Essayet inneheld påstandar som kviler på elementære analytiske og argumentative mistak, og Holtsmark sin påstand «Debatten» er etter kva eg kan sjå fullstendig udokumentert. I ein såpass framståande fjernsynsopptreden og eit essay på kring 20 000 teikn i eit litterært tidsskrift som kritiserer ein kommentar i ei dagsavis på kring 2000 teikn, frå ein aktiv professor, er dette faktisk oppsiktsvekkande.

I denne kritikken kjem eg til å avgrense meg til Holtsmark sitt essay og hans opptreden på «Debatten», og til dette spesifikke punktet om fredssamtalane i Tyrkia våren 2022. Dette er dels av di eg ikkje trur det er noko poeng å nytte 200 000 teikn på dette innlegget, og dels av di eg rett og slett ikkje er djupt nok inne i resten av sakskomplekset til at eg kan øve ordentleg kritikk på dette nivået utan uhorveleg mykje arbeid. Det eg kan vise på dette grunnlaget er uansett nok til at teksten aldri burde ha vore publisert i den forfatning han i skrivande stund er på trykk i Vagant.

Holtsmarks standpunkt

Først, for å vere heilt klar om påstandane som vert kritisert og kriteriane eg kjem til å nytte for å evaluere han: Eg parafraserer litt frå Holtsmark sin opptreden på «Debatten», men slik eg forstår det meiner han at påstanden «Nato-land saboterte fredsforhandlingene» er ein «ren røverhistorie» som har «oppstått i Moskva». Presist kva han meiner Moskva sin rolle her er ikkje heilt klart, men for at det skal vere sant vil eg meine at ein bør kunne spore kjeldene til dei som hevder dette attende til russiske medie eller liknande. Eg tolkar altså Holtsmark nokså bokstaveleg her, av di han er gjennomgåande kategorisk og klår i påstandane sine – så når han seier at ein påstand kjem frå Russland, rekner eg med at han meiner at anten påstanden generelt eller i det minste slik han er framsett av Diesen kan sporast attende til Russland, og med det må avskrivast som løgnpropaganda.

I Vagant er Holtsmark meir moderat når det kjem til denne påstanden. Der nøyer han seg med å seie at «Den som fremsetter en påstand, har ansvaret for å belegge den», og at «Diesen har ikke fremført noen gyldig argumentasjon for at disse påstandene faktisk er riktige», ergo kan ein forkaste påstanden. Formelt kan ein uttrykke dette som ein slags syllogisme:

Diesens argumentasjon gyldig om og berre om den kviler på dokumenterte påstandar

Diesens argumentasjon kviler ikkje på dokumenterte påstandar

Altså er ikkje Diesens argumentasjon gyldig

Premissen her er rimeleg. Om Diesen ikkje legg ved nokon grunn til å tru på dei kontroversielle tinga han seier, må vi sjå bort frå dei. Diesen sjølv har ikkje nokon direkte innsikt i denne saka, og må altså feste påstanden sin i noko anna enn sin eigen direkte røynsle. Holtsmarks sentrale påstand i essayet (og Vagants oppgjevne tittel) er at «Diesens virksomhet bryter med det grunnleggende forskningsetiske kravet om redelighet og sannhetssøken som grunnplanken i forskerrollen. Dette kravet er ikke begrenset til forskerens virksomhet på lærestedet eller hens publikasjon i vitenskapelige fora: Det gjelder i «alle faser» i forskningsvirksomheten, deriblant når resultatene formidles og når forskeren opptrer som «ekspert» og samarbeider med «eksterne partnere».» Altså meiner Holtsmark at Diesen i sin rolle som offentleg intelektuell gjer seg skuldig i «mangel på metodisk og empirisk redelighet» av di «Om han hadde belegg for sine påstander, er det rimelig å tenke seg at han ville fått det frem (…) Det gjør han ikke».

Den første kjelda: Harald Kujat

Holtsmark støyter her på eit problem, nemleg at Diesen faktisk har lagt ved belegg for påstanden om sabotasje. Diesen koplar til tre eksterne nettstader, og nemner eksplisitt tre hovudkjelder: Tyrkiske og israelske forhandlarar, og den pensjonerte general Kujat frå Tyskland. For at Diesen ikkje skal ha noko belegg, lyt alle desse kjeldene forkastast – det må visast at Diesen ikkje legitimt han bruke nokon av dei til å støtte påstanden om at «Nato-land saboterte fredsforhandlingene våren 2022».

Holtsmark grunngjev at Kujat er ugyldig som kjelde ved å konstatere at han har «presentert synspunkter på krigen i Ukraina som ligger tett opp til Kremls narrativer». Desse synspunkta er Holtsmark usamd i, men han viser ikkje kvifor det er feil å liggje «tett opp til Kremls narrativer». Her vil eg sitere professor Holtsmark i Vagant: «At Diesen gjentar talepunkter som kommer fra Kreml, (…)[er] ikke (…) i seg selv en avgjørende innvending». Holtsmark gjer altså ikkje berre eit openbart mistak her, men han gjer eit openbart mistak som han sjølv har nemnd eksplisitt, og klarar å gjere teksten formelt usamanhengande. Dette ville fått merknad i ein skulestil i åttande klasse – frå ein aktiv professor som talar om sitt kjerneområde er det oppsiktsvekkjande udugeleg. Frå ein aktiv professor med redaktørstøtte og 20000 teikn er det ein liten skandale.

Det verste er at eg eg er samd i at Kujat er ei dårleg kjelde. Kujat har ikkje nokon openbar privilegert innsikt i forhandlingane – han er berre ein tidlegare høgtståande militær som er samd med Diesen. Dette gjer ikkje Holtsmark sitt mistak noko mindre graverande; å bomme på opent mål er verre enn å misse eit langskot.

Forhandlingskjeldene

Med den andre kjelda er det verre. Der koplar Diesen til ei sak frå ei nettavis, «European Conservative», som rekapitulerer det eg har forstått som det meste av den relevante informasjonen om ein skal argumentere for Diesen sitt standpunkt. Dette inkluderer sitat frå «israelske (…) forhandlere», nærare bestemt Israels tidlegare statsminister Naftali Bennett, og «tyrkiske forhandlere», nærare bestemt tidlegare utanriksminister Mevlüt Çavuşoğlu og nestleiar i Erdogan sitt AK-parti, Numan Kurtulmuş. Av desse kan ein seie at Bennett og tyrkarane i alle fall ikkje har nokon openbar omforeina røyndomsforståing, så vi kan rekne desse som to uavhengige kjelder med direkte innsikt i dei relevante hendingane sidan dei var involverte i forhandlingane på forskjellig vis. Særleg Çavuşoğlu bør, som utanriksminister i landet kor forhandlingane fann stad, ha hatt ganske god innsikt i kva det var som hendte med den viktigaste saken innan hans ansvarsområde i den aktuelle perioden.

No lyt vi hugse kva som er Holtsmark sitt standpunkt, nemleg at Diesen «ikke [har] fremført noen gyldig argumentasjon» for at påstanden om at «Nato-land saboterte fredsforhandlingene». Det er ein sterk påstand, som krev at vi legg både Kujat og desse forhandlarane heilt til til side. Om vi ikkje gjer det, tel dei som gyldig argumentasjon sidan dei utgjer dokumentasjon for påstanden. Holtsmark ønsker å forkaste påstanden som udokumentert, ikkje utilstrekkeleg dokumentert; sistnemnde vil krevje at ein avviser heile essayet hans, frå tittel («påstander uten kilder») til konklusjon («Diesens tekst er verdiløs som virkelighetsbeskrivelse»), av di det vil krevje at ein godtek at Diesen har gyldige kjelder til påstanden sin som beskriv røyndommen på ein måte som har ein viss verdi. Ein treng ikkje å godta at den verdien er særleg høg: Holtsmark sin påstand er at verdien er lik null og at han har bevist dette i ein slik grad at «Diesen kan ha én gyldig innvending til denne teksten, nemlig at han ikke står inne for debattredaksjonens overskrift(…)». Han er svært sjølvsikker og svært kategorisk.

Logisk brist

Holtsmarks strategi for å forkaste desse kjeldane er som følgjer: «Det ene sannhetsvitnet er den tidligere israelske statsministeren Naftali Bennett, som var involvert som formidler i forhandlingene våren 2022. Et slikt utsagn kan ha betydning som én liten bit til forståelsen av hva som skjedde våren 2022. Det samme gjelder utsagnet til en nestleder i Tyrkias styrende parti. Men hvorfor skulle den angivelige oppfatningen til akkurat disse to aktørene innebære den endelige sannheten? (…).»

Dette kan ein analysere til noko slikt som:

i) Bennett og tyrkarane er Diesens kjelder.

ii) Dei har ikkje fullt innsyn i alle deler av prosessen.

Iii) Altså kan ein sjå heilt bort frå det dei har å seie.

DET VIL SEIE: Diesen har ikkje begrunna sin påstand «gyldig».

Enda meir formelt: X er andelen av forklaringskraft ein kan tillegge Diesen sine kjelder. X<1, altså X=0.

Dette er ikkje i samsvar med logikken. Det er heilt opplagt rimeleg å nytte til dømes Bennett sitt sitat om at USA m.fl. «stansa» forhandlingane mot hans vilje for å dokumentere ein påstand om at USA og Storbritannia «saboterte» dei same forhandlingane. Ein kan seie at det ikkje er nok når ein veg det opp mot andre kjelder, men Holtsmark meiner at ein slik diskusjon er unødvendig av di Diesen «ikke fremfører noen gyldig argumentasjon» og at Diesens tekst er «verdiløs». Det einaste eksplisitte kriteriet Holtsmark gir for gyldig argumentasjon er dokumentasjonskravet. Det einaste argumentet Diesen gir er dokumentasjon. Den einaste måten Holtsmark kan kome seg forbi dette er ved å sette forklaringskrafta til desse kjeldene lik null.

Her tek altså Holtsmark beviseleg analytisk feil. Sjølv om vi reddar han frå mistaket han gjer når han vil forkaste Kujat som kjelde, fungerer ikkje den totale forkastinga av «forhandler»-kjeldene, og utan det held ikkje essayets sentrale påstand, nemleg at Diesen ikkje har nokon gyldig argumentasjon for nokre av sine påstandar i Aftenposten og difor er «verdiløs som virkelighetsbeskrivelse».

Som vi har sett klarar ikkje Holtsmark å forkaste nokon av dei tre kjeldene til Diesen, sjølv den openbart veikaste. Med det fell òg den sentrale påstanden om Diesens manglande belegg for i alle fall denne påstanden. Opp som polemisk løve, ned som ein skinnfell.

Sabotasjepåstanden russisk røvarhistorie?

Når det kjem til påstanden i «Debatten», altså at denne påstanden kjem frå Russland, kan vi sjå i same artikkel som Diesen viser til for å underbygge bruken av tyrkiske og israelske kjelder (og som vi må tru at Holtsmark har lese). Den inneheld òg det eg alltid har sett på som den andre hovudkjelda til denne «røverhistorien», nemleg ei sak frå Ukrainska Pravda sin engelske utgåve, publisert 5. mai 2022. Der står det:

«(…) Boris Johnson, (…) brought two simple messages.

The first is that Putin is a war criminal, he should be pressured, not negotiated with.

And the second is that even if Ukraine is ready to sign some agreements on guarantees with Putin, they are not.»

Slik eg tolka denne saka då ho kom i 2022, forstod eg at Johnnson som ein av dei viktigaste støttespelarane til Ukraina ikkje var villig til å støtte fredsforhandlingane – og for eit Ukraina som var og er heilt avhengig av vestmaktane sin pekuniære og militære bistand, var og er slik støtte, særleg kva gjaldt tryggingsgarantiar, uunnverleg. For meg er det klart at dette kan reknast som å motarbeide fredssamtalane. Saka i U. Pravda har heller ikkje vorte dementert av Boris Johnson. Frå The Guardian:

The Prime Minister updated on his visit to Kyiv last month and shared his conviction that Ukraine would win, supported with the right level of defensive military assistance. He urged against any negotiations with Russia on terms that gave credence to the Kremlin’s false narrative for the invasion, but stressed that this was a decision for the Ukrainian government.

Vi har altså minst tre uavhengige, relevante kjelder (Bennett, tyrkarane, Ukrainska Pravda) som alle er samde om at representantar for NATO-land motarbeidde fredsforhandlingane i ein viss grad, kor somme meiner at USA òg var samde om det. Alle desse kjeldene er trygt innanfor den vestlege maktsfæren; Tyrkia er med i NATO, Israel har sine svært tette band til USA og Ukrainska Pravda er ein patriotisk ukrainsk nettavis. Ingen av desse kjeldene kan seiast å stå i Kremls teneste, eller kan sporast attende til Moskva. Til saman utgjer dei i det minste grunnlag for at eit rimeleg menneske kan tru at i det minste Storbritannia aktivt motarbeidde (eller «saboterte») fredsforhandlingar som i det minste nokre svært sentralt plasserte individ meinte hadde reell sjanse til å få ein slutt på krigen. Påstanden om at dette er ein røvarhistorie må reknast som udokumentert, og etter Holtsmarks eigne kriteriar som ugyldig. Påstanden om at det har sitt opphav i Moskva må reknast som desinformasjon.

Vagant som ukritisk kanal

Når Professor Holtsmark altså gjer seg skuldig i slike elementære mistak er det i ein tekst kor han i prinsippet er støtta av ein redaktør, sidan Vagant er eit redaktørdrive medium. Denne teksten var i utgangspunktet eit svar på Audun Lindholm og Holtsmarks etterspurnad på Facebook etter sakleg kritikk av essayet, og to utgåver har vore sendt inn til Vagant-redaksjonen, kor Lindholm ikkje såg ut til å vere nemneverdig brydd over desse mistaka (han ville ikkje i første omgang innrømme at det var mistak i det heile – særleg underleg var det at han først ville avvise kritikken mot Kujat-avfeiinga med at Holtsmark sjølv hadde sagt at ein ikkje kunne avvise Diesen berre av di han spegla russiske talepunkt), og foreslo at eg heller kunne leggje ein masse arbeid i å skrive ein heilt annan tekst om kvifor det er rimeleg å meine det Diesen meiner (noko liknande ein slik tekst kan ein lese her i Radikal Politikk, kor Aslak Storaker går gjennom det meste av relevant evidens som eg kjenner til) som han ikkje ville gje nokon konkret utsikt til å få publisert. Dette er det vanskeleg å tolke som noko anna enn eit forsøk på å unngå å stillast til ansvar for sitt eiget dårlege redaktørarbeid. Når redaktør ikkje fangar opp slike mistak, kva er eigenleg den vesentlege skilnaden mellom Vagant og t.d. iNyheter eller Steigan?

Konklusjon

To vaksne menn i framskotne intellektuelle stillingar har altså godkjent og så stadfesta resonnement som openbart ikkje held, som har ført til at ein sannsynleg framtidig utanriks- eller forsvarsminister i godtok ein gal framstilling av røyndommen på landets kanskje viktigaste debattplattform. Dette gjer dei ikkje av di dei ikkje forstår grunnleggjande regler for argumentasjon – då vert ein korkje professor eller tidsskriftredaktør. Om eg skal gjette vil eg tru at dei gjer det av di dei har mista all kritisk sans når det kjem til dette sakskomplekset. Resultatet er eit dummare og slemmare Noreg. Slik kan akademisk og litterær prestisje mobiliserast til fordel for eit grunnleggjande antiintellektuelt prosjekt.

Øystein Monson er Postdoktor på Michael Sars-senteret, Universitetet i Bergen