Jonas Gahr Støre iakttar Erna Solberg på Stortinget. Foto: Peter Mydske/Stortinget under lisens (CC BY-NC-ND 2.0)

Vi må kvitte oss med illusjonane om denne regjeringa og gjøre det umogleg å gjennomføre den naturraseringa som det no blir lagt opp til.

Etter åtte år med regjering av Høgre med varierande partnarar var vi mange som ønska regjeringsskifte. Ikkje minst på grunn av miljø- og klimapolitikken. Den førre regjeringa gjorde inga tiltak som monna for klimaet. Derimot brukte ho det «grøne skiftet» som påskot for å la spekulantar tene milliardar på ei naturrasering utan sidestykke i norsk historie, gjennom vindkraftutbygging og utvinning av såkalla «grøne mineral».

Årets stortingsval førte til at regjeringa måtte gå, men etter halvannan månad må vi dessverre oppsummere at for norsk natur har det ikkje vore noka betring, snarare tvert om:

– Eit av dei mest omstridde spørsmåla i norsk miljøpolitikk er dumping av gruveavfall i sjø. Nylig innvilga den nye regjeringa utslepp av det svært giftige kjemikaliet SIBX til både Førdefjorden og Repparfjorden. Det blir denne regjeringa som skal sørge for at giftdumpinga blir gjennomført, ved hjelp av store politistyrker, bøter og fengsel. Mens førre regjeringa sette ein stopp for nye konsesjonar til sjødumping, har den nye ingen slike skrankar, og vi må rekne med eit ras av nye gruvekonsesjonar, der sjødumping er regelen.
– Mens den førre regjeringa var kome på defensiven i vindkraftutbygginga, og sette vidare konsesjonsbehandling på vent, skal den nye regjeringa fullføre naturraseringa. Også her med politimakt og gigantiske bøter mot dei som forsvarar naturen.
– Reindrifta er den næringa som er hardast råka av vindkraft. Vindkraftutbygginga på Fosen er dømt ulovlig av Høgsterett, men signala tyder på at den nye regjeringa ikkje vil akseptere dommen. Dette vil vere ikkje mindre enn eit statskupp ovafrå, med at den dømmande makta blir sett til side. For å sikre naturraseringa er regjeringa villig å overkjøre både Høgsterett, internasjonal urfolksrett og grunnlovsfesta samerett.

– Fjordar langs heile kysten er i ferd med å bli fylte opp av oppdrettsanlegg. Den førre regjeringa ønska femdobling av oppdrett, noko som vil vere ein dødsdom for livet i fjordane, alt kystfiske og alle bestandar av villaks. Dessverre tyder ingenting på at denne regjeringa vil avvike frå denne målsettinga. Oppdrett i lukka anlegg skal ikkje erstatte dei opne anlegga, men komme som eit tillegg, som gigantanlegg som raserer kystlandskapet.
– Olje og gass er Noregs største bidrag til klimautslepp. Under denne regjeringa skal dette halde fram for fullt, bare med eit kosmetisk forbehold om å vente med neste utlysingsrunde for å få statsbudsjettet i hamn. Nylig hevda Ap sin næringspolitiske talsmann at norsk gass «vil være et sterkt bidrag til klimavennlig omstilling i hele Europa»!
– Det samla forbruket i verda ligg no omlag 60 % over det verda har ressursar til, det vil seie at vi tærar på dei ressursane vi skulle leve av i framtida. Dette forbruket er ekstremt skeivt fordelt, og det viktigaste vi kan gjøre for å avgrense ressurssløseriet er å kutte luksusforbruket til dei rike. Den førre regjeringa arbeida medvete for å auke forskjellane i samfunnet. Den nye regjeringa seier i ord ho vil snu dette, men ingen effektive tiltak er enno lagt fram. Framleis skal dei rike få sløse som dei vil.
– I november kom den nye raudlista for artar, som viser at fleire artar enn nokon gong er truga av utrydding. Arealendringar er det viktigaste trugsmålet mot dyr og planter. Likevel vil regjeringa at arealraseringa skal halde fram for fullt. Det skal blant anna skje med utbygging av gruvene i Repparfjord og Førdefjorden, der natur på land og hav skal raserast, i område som anten har ei rekke raudlista artar eller som ikkje er kartlagte. For første gong er villaksen på raudlista. Regjeringa sitt svar er auka oppdrett og dumping av gruveavfall i nasjonale laksefjordar.

Regjeringa sitt svar på alle problem er meir av det som skaper problema; auka oppdrett og dumping av gruveavfall i nasjonale laksefjordar. Meir vindkraft og overføringslinjer skal eksportere kraft som råvare og importere europeiske prisar. Vindbaronane gjør skattefrie milliardinntekter – mens vanlige forbrukarar blir ruinerte av straumrekninga.

Vi har gått frå oska til elden. Støreregjeringa er trulig den mest naturfiendtlige i norsk historie. Vi må kvitte oss med illusjonane om denne regjeringa og gjøre det umogleg å gjennomføre den naturraseringa som det no blir lagt opp til.

Svein Lund er frilansskribent, bor i Guovdageaidnu og driver nettstedet gruve.info.