Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V). Foto: Liv Aarberg/Venstre. Under lisens (CC BY-SA 2.0)

Mindre praksis, mindre problemløysing, mindre kritisk tenking. Dette sementerast av den nye skolereformen. Det viktigaste målet synast vere å vinne den årlige internasjonale PISA-konkurransen.

Land og strand rundt, innafor og utafor skoleverket ristar folk på hovudet over at vi har ein kunnskapsminister og eit kunnskapsdepartement som vil fjerne dei obligatoriske faga i vidaregåande opplæring med unnatak av norsk, engelsk og matematikk. Men kanskje det kan kome noko godt ut av dette? Kanskje det kan bidra til at fleire vaknar og ser kva gal retning skolereformane har gått i fleire tiår. Kanskje vi kan få ein debatt: Kva skal vi med skolen?

Det er ingen teikn til at dei noverande skolepolitikarane våre har stilt dette spørsmålet, men når vi ser praksis ser det ut som det viktigaste målet er å vinne den årlige internasjonale PISA-konkurransen om kva land som kan vise best resultat i matematikk, engelsk og riksspråk.

LES OGSÅ av Svein Lund: Gudmund Hernes — sett frå akademia og verkstedgolvet

Kva skal vi med skolen? 
Derom kan det seiast mye, men eg vil prøve meg på ei oppsummering i tre punkt:

  • 1. Skolen er for arbeidslivet: Han skal gjøre elevane klare for å fylle jobbar i forskjellige yrker, slik at desse leverer produkt og tenester som samfunnet treng, og slik at arbeidarane i desse yrka kan utføre jobben på ein trygg måte for dei sjølve og andre.
  • 2. Skolen er for samfunnslivet: Han skal gjøre elevane klare for å delta i organisasjonar og institusjonar i samfunnet, følge med og delta i offentlig debatt og demokratiske prosessar.
  • 3. Skolen er for elevane si personlige utvikling. Dei skal få utvikle sine evner, anlegg og interesser på forskjellige område, samtidig som dei med eit gamalt uttrykk skal bli «gagns menneske». 

Da eg tok praktisk-pedagogisk utdanning lærte vi at skolen hadde «kunnskapsmål, ferdighetsmål og holdningsmål». Av desse er det i første rekke kunnskapsmåla som er målbare for alle. Ingen ting så enkelt som ei standardisert prøve som alle tar og får poeng på og som kan brukast til å vise at Noreg har den beste puggeskolen i verda. (No har vi ikkje det heller, men det er ei anna sak.) 

Ferdigheitsmåla får ein i første rekke målt i yrkesfag, i alle fall dei faga som har fagbrevsordning. Da helst med bestått/ ikkje bestått, ikkje med 3,9 i snikring og 2,8 i muring. Haldningsmåla er ikkje like lett målbare, så dei treng vi ikkje tenke på til daglig, vi sparar dei til festtalane. 

Mange intelligensar
På internett florerer det av tilbod om intelligensmålingar. På 20 minutt kan du svare på 20 spørsmål og få eit tal som fortel deg kor intelligent du er! (Det er heilt gratis å svare, du må bare betale eit par hundrelappar for å få resultatet.) Ei slik prøve kan i beste fall seie litt om den såkalla matematisk-logiske formen for intelligens. Ei rekke psykologar og pedagogar har slått fast at intelligensen vår består av mange fleire delar, som språklig, kroppslig, sosial, musikalsk og visuell intelligens, men slike prøver ser bare ei lita flik. 

Skolen skal i utgangspunktet sjå elevane som heile menneske som får utvikle evna og interessene sine. Derfor har vi da også hatt mange linjer, valfag og skoleslag. Dessverre har skolereformene frå 1990-talet bidratt til at skolen bare ser og verdset dei språklige og matematiske evnene, og knapt nok dei, fordi det skal skje innafor snevert opptrukke rammer. 

Learning by doing
Alle som har studert pedagogikk har hørt om John Dewey, den amerikanske pedagogen som innførte omgrepet «Learning by doing». Det er så etablert at sjølv far min, som gikk lærarskolen for omlag 80 år sidan, hadde det på sitt pedagogikkpensum. Dette var sjølvsagt ikkje Dewey sin originale tanke. Opplæring gjennom arbeid har vore det vanlige i alle folkeslag gjennom alle tider – heilt til det blei etablert livsfjerne puggeskolar av den typen som så treffande er skildra av forfattarar som Alexander Kielland («Gift») og Jens Bjørneboe («Jonas»). Her blei læring gjennom pugging så etablert at ein var nøydd å finne ein amerikansk professor for å grunngi det alle visste, som ikkje var øydelagt av skolen. 

«Learning by doing» er den dag i dag grunnlaget for yrkesopplæring i skole og arbeidsliv, for yrkespedagogisk teori og står sterkt bl.a. i samisk tradisjon og i arbeidet med oppbygging av samisk opplæring frå barnehage til høgskole. Det norske skolevesenet har derimot gått i motsett retning dei siste 30 åra: Meir allmennteori, mindre praksis, mindre problemløysing, mindre kritisk tenking. Dette skal no sementerast av den nye skolereformen.

Kva slags utdanning treng samfunnet?
Debatten om felles allmenne fag i vidaregåande skole har hittil hatt eit svært snevert utgangspunkt. Alle snakkar om allmennfaglige (studieførebuande) linjer, eg har ikkje sett noko debattinnlegg som har tatt opp yrkesfaga. Men samfunnsfag og naturfag er i dag fellesfag også for alle yrkesfaglige linjer, sjølv om timetalet er noko mindre i naturfag, og desse linjene ikkje har historie, religion og geografi. Mitt utgangspunkt som samfunnsengasjert naturvernar er at alle elevar treng samfunnsfag og naturfag, og at desse faga må bli styrka både i grunnskolen og vidaregåande skole. Ikkje bare som ei førebuing til framtidige studier, men som grunnlag for at elevane skal kunne orientere seg og engasjere seg i det samfunnet dei lever i, både mens dei er elevar og i framtida.

Dagens samfunn er både globalt og nasjonalt prega av to store kriser: naturkrisa og klimakrisa. Vi treng elevar og samfunnsborgarar som bryr seg om naturen, klimaet og framtida, og som har kunnskapar til å gå inn i debatten og engasjere seg mot naturrasering og klimagassutslepp. Dei må forstå korleis samfunnet fungerer frå kommunestyre og grendelag eller bydelsutval opp til dei internasjonale organisasjonane. Dei må vite noko om samspelet i naturen og betydninga av å ta vare på artar og livsmiljø, om skadane ved kjemikalier, radioaktivitet og gassutslepp. 

I denne situasjonen er dei to viktigaste faga i skolen naturfag og samfunnsfag, så sant desse blir kopla saman og til verda utanom, og ikkje blir pugging av formlar. Dei må kunne bruke denne kunnskapen til å skilje mellom skit og kanel i alt det som kokar i media.  

Kva slags språk og matematikk?
Når elevane kjem til vidaregåande skole har dei hatt norsk, matematikk og engelsk i ti år. I utgangspunktet skal dei ha lært seg det minimum som alle treng av grammatikk, språklære og litterære sjangrar. Da er tida kome til å bruke kunnskapen, å bruke norsk og engelsk språk til å tileigne seg kunnskap og formidle kunnskap i andre allmennfag og i yrkesretta fag, der språket i første rekke blir eit middel og ikkje eit mål i seg sjølv. Denne bruken av språket vil også utvikle språket, og lærarane må hjelpe til med det. Men hovudsaka vil vere f.eks. å kunne leite fram informasjon frå bøker og nettet på engelsk om f.eks. naturfaglige emner, vurdere dette kritisk og kunne skrive oppgåver (evt. debattinnlegg, kronikk eller novelle) om det på norsk. 

Har vi lært grunnskolen sin matematikk har vi fått det grunnlaget som dei aller fleste klarer seg med, om dei ikkje skal spesialisere seg innafor tekniske og naturvitskapelige fag. Det vi da treng som felles i vidaregåande skole er å kunne bruke matematikken, å kunne rekne ut kor mye avfall som blir av å produsere ein kilo gull og kor stor belastninga blir om 50 år om vi aukar produksjonen 3 % i året.

Min konklusjon er derfor den motsette av kunnskapsministeren sin: Vidaregående skole bør ha samfunnsfag/historie, naturfag og kroppsøving som fellesfag. Matematikk, norsk og engelsk kan integrerast i desse faga og i studieretningsfaga, og elles vere valfag for dei som ønsker å spesialisere seg i det. Da kan vi få ein skole som kan bidra til ei betre framtid – og eit samfunn som lærer av feila i fortida.

Svein Lund, yrkespedagog, redaktør skuvla.info

Svein Lund er frilansskribent, bor i Guovdageaidnu og driver nettstedet gruve.info.