Statsminister Trygve Bratteli. Foto (klippet): Wilhelm Råger/Oslo Museum under lisens (CC BY-SA 4.0)

Det er på tide å dra fram endå ein helt frå Arbeiderpartiet. Trygve Bratteli avviste marknadsliberalismen og bygde norsk økonomi på demokratisk kontroll over naturressursane og ein sterk distrikspolitikk.

I Bokmagasinet til Klassekamp laurdag 2. mai er det to bokomtalar, Mona Ringvej omtalar boka om Martin Tranmæl av Mímir Kristjánsson og Kjartan Fløgstad har eit essay om Capital and Ideology av Thomas Piketty.

Eit heldig slumpetreff då bøkene får fram at norsk politikk i 1970-åra forlenga ein samanhengande vekstperiode på 1900-talet her til lands.

No er på tide å dra fram Trygve Bratteli, endå ein AP-helt som leia den første Bratteli-regjeringa, ei regjering som førde ein svært aktiv økonomisk politikk som avviste marknadsliberalismen før han ble sett ut i livet i Storbritannia og USA utover 1980-åra.

LES OGSÅ av Olav Hauge: I fotstpora til Gerhardsen har fire nye Ap-statsministrar gått

Heimfallsrett og oljesuverenitet
Regjeringa Bratteli I bygde på fire grunnpillarar; Heimfallsretten som justisminister Johan Castberg i Gunnar Knudsen 1-regjeringa losa gjennom i Stortinget i 1909. I 1917 vedtok eit fleirtalet i plenum i høgsterett i at heimfall ikkje strir mot § 105 Grunnlova og viste til § 97 så lova kunne ha tilbakeverkande kraft.

Bratteli 1 bygde ut 3-årsplanane Nygaardsvold-regjeringa brukte for å møta krisen i 1935 og utvida handlingsrommet i offentleg sektor.

Neste fundament fall på plass då Gerhardsen 4-regjeringa 9. april i 1965 la ut alle felt på norsk sokkel sør for 62. breddegrad. Ei blanding store og uavhengige oljeselskap fekk konsesjonar til å leita etter og utvinna ressursar under havbotnen, dei fekk dei førsteprioriterte felta mot å godta ein todelt heimfallsrett for ressursane under havbotnen: 50 % heimfall etter 9 år, fullt heimfall etter 46 år.

I praksis blei felta på norsk sokkel vedtekne av eit fleirtal på Stortinget, olje- og gassinvesteringane er dei største, mest verdiskapande investeringane i landet.

LES OGSÅ: Regjeringa ville ha dyrere strøm — de er i ferd med å få vilja si

Utdanning i distrikta
I 1968 vedtok Stortinget å etablera eit tredje norsk universitet i Tromsø, i tillegg vedtok politikarane at lærar-, sjukepleiar-, helse, sosial- og ingeniørutdanninga skulle få høgskulestatus og nye distriktshøgskular der studentar kunne ta dei to første åra på det som då var ei 3-årig siviløkonomutdanning på NHH i Bergen. I bygder som Bø i Telemark, Sogndal og Volda på Vestlandet, Nesna i Nordland og seinare i Kautokeino, kunne studentar gå, sykla eller ta bussen til staden dei studerte. Iallfall slapp dei å flytta til storbyar for å sikra seg høgre utdanning og slik fall det siste fundamentet i det som blei eit heilt nytt norsk samfunn på plass.

17. mars 1971 blei i statsråd Bratteli I-regjeringa utnemnd, i vårsesjonen handsama Stortinget den første «Oljemeldinga», Industrikomitéen la fram Innst. S. 295 (1970-71) ført i penn av Rolf Hellem, Nordland AP.

Stortinget la oljepolitikken under «Dei ti oljeboda», Bratteli I brukte dette til å etablera Statoil, det norske statsoljeselskapet. Statoil blei pålagt å utvikla ein oljeindustri ved å henta forsyningar og støttetenester i leite og utvinningsfasen. Næringsinntekter frå olje- og gassaktiviteten på norsk kontinentalsokkel auka Regjeringa si finansiering av offentleg sektor. Regjeringa auka dei kommunale inntektene og skaffa først kvinner betalt arbeid som lærarar, sjukepleiarar eller andre jobbar i helse- og sosialsektoren og sikra dei lønnsinntekt, noko som reduserte skilnadene i samfunnet, politikken skapte meir likestilling.

LES OGSÅ: Vi må ha mer demokratisk kontroll over omstillingen etter oljen

Innvadring forhindra hollandsk sjuke
Landet trengde raskt meir arbeidskraft og unngjekk «Hollandsk sjuke» då innvandrarar m.a. frå Pakistan, og asyl-søkjarar og flyktningar Vietnam skapte den ekstra arbeidsinnsatsen landet trengde. 

I privat og offentleg sektor tilsette ein økonomimedarbeidarar frå DH-systemet, og i januar 1981 tilsette Phillips, selskapet som fann Ekofisk-feltet, den første kvinnelege plattformsjefen på norsk sokkel. 

Ei sterk fagrørsle sikra arbeidsfolk betre lønn og pensjon, utvida fritid og ferie, i tillegg hadde folk ekstra godt betalte jobbar på sokkelen i ein 2 + 4-turnus og budde i distrikta, då reiser til og frå sokkelen blei dekka av oljeselskapa. I Sverige flytta folk frå landsbygda, her i landet kunne folk ha slike jobbar og bu på mindre stadar som til dømes på Skjervøy i Troms, ein effekt som kan ha redusert smitten av Covid19 i vårt land.

I vårsesjonen på Stortinget i 1974 handsama Stortinget den andre oljemeldinga, St. Meld. Nr. 25 (1973-74), Bratteli II-regjeringa, som hadde overteke etter Korvald-regjeringa, innførde den første grunnrente-skatten i Noreg. I 1975 auka regjeringa skatten på dei største og rikaste investorane i landet med ein 50 %-grunnrenteskatt og oljeselskapa fekk ein skatt på 78 %. Dei auka inntektene brukte regjeringa Bratteli I og II til å utnytta humankapitalen, den viktigaste formuen i eit samfunn, ein meir enn dobbelt så stor formue som dei andre formueobjekta til saman, noko som Rødseth-utvalet viste i NOU 1992: 34. Det skapte ein sterk økonomisk vekst.

Om eit lite år markerer vi at Bratteli I-regjeringa blei utnemnd, det feirer vi.

Olav Hauge er lokalpolitiker for SV, medlem av Nei til EU og underviser i makroøkonomi og internasjonal handel ved Høgskolen i Molde.