NATOs strategiske konsept gjer at NATO og Norge står støtt bakom Erdogans krig mot den demokratiske samfunnsordninga i Nordaust-Syria. Korfor snakkar ikkje Nato-tilhengjarar i regjering og storting om dette?
Mange er forbanna over at Tyrkias president Erdogan bryt krigsforbodet i FN-pakta. Vi kritiserer Nato-sjef Jens Stoltenberg (Ap) for at han går i spissen for støtte til tyrkisk okkupasjon av delar av Syria. Men dette handlar ikkje om dei personlege haldningane hos Jens Stoltenberg, Erna Solberg (H) og andre statssjefar i NATO. Dei er forplikta til å følgje den vedtatte NATO-strategien.
LES OGSÅ av Erling Folkvord: — President Erdogan fører krig eit større Tyrkia
NATO fylte 50 år i 1999. Da deltok norske fly i NATO-bombinga av Beograd Radio og andre krigsmål i Jugoslavia. Beograd er i dag hovudstad i Republikken Serbia. Daverande statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF) reiste til NATO-toppmøtet i Washington. Der vedtok han og dei andre statssjefane eit nytt strategisk konsept. Dei ga seg sjølv og NATO «rett» til å føre krig kor som helst i verda. Dette var tre år før Erdogan og AKP-partiet kom til makta i Tyrkia.
NATO-toppane innrømte at krig i andre land kan bli vanskeleg. Dei sa det på denne måten:
«Å innlede og videreføre operasjoner utenfor de alliertes territorium, hvor det kan være liten eller ingen støtte fra vertsnasjonen, vil innebære spesielle logistiske utfordringer. (…) Dette vil innbefatte evnen til å forsterke ethvert utsatt område og å etablere et flernasjonalt nærvær når og hvor dette måtte være nødvendig.»
Det norske akademis ordbok seier at logistikk betyr «organisering av militær forsynings- og transporttjeneste.»
Kva betyr det å vere «vertsnasjon»?
LES OGSÅ: Kyniske Tyrkia bruker flyktninger etter utenrikspolitisk fiasko
I 1940–45 var Norge «vertsnasjon» for tyske soldatar. Få andre enn Vidqun Quisling og det vesle partiet hans var glade for det. Motstandsrørsla, som ikkje var sterk, gjorde sitt beste for å skade okkupasjonsmakta.
No er Syria «vertsnasjon» for tyrkiske okkupasjonsstyrkar. Syria svarar med å bombe tyrkiske militærkolonnar og drepe både tyrkiske soldatar og jihadistkrigarar som er leigesoldatar for Tyrkia. «Spesielle logistiske utfordringer» er NATO-namnet på alle dei som forsvarar Syria mot okkupasjonsmakta. Tyrkia forsvarar «utsatt område» i nabolandet.
President Erdogan er på trygg Nato-grunn når han krev alliert støtte mot «vertsnasjonen». Det gjeld i den delen av Syria som regjeringshæren med allierte kontrollerer. Vi veit jo alle at president Assads regjeringshær er svak og ikkje har styrke til å stå i mot okkupanten.
LES OGSÅ: En kritisk drøfting av NATOs vei til angrepspakt
Og NATO stiller seg like solid bak den tyrkiske okkupasjonsmakta i den nordaustlege landsdelen av Syria som er kontrollert av kurdisk-arabiske SDF (Syrias demokratiske styrkar.) NATO – og dermed Norge – står støtt bakom Erdogans krig for å øydelegge den nye demokratiske samfunnsordninga der.
Korfor snakkar ikkje Nato-tilhengjarar i regjering og storting om dette? NATO-strategien, som aldri vart diskutert i Stortinget, forpliktar Høgre, Arbeidarpartiet og andre “ja til NATO”-parti til å støtte den tyrkiske okkupasjonen i Syria.