Det er mange ting som ein kan og skal kritisera Venezuelas styresmakter for, men destabiliseringspolitikk har vert verkemiddel for å styrte ei regjering, dreve fram av sterke ultra-høgre krefter som aldri vil ha dialog og aldri vil ha eit likestilt og rettferdigt land.
Venezuela har ei økonomisk krise, det er sikkert. Mykje grunna ei meir enn halvering av oljeprisen i 2014-2015 til 40-50 dollar fatet. I tillegg er den øvrige vareproduksjonen dårleg, med mykje import som resultat, svært høg inflasjon og altfor mange valutaproblem med bolivaren, mellom anna mange parallelle vekslingskursar og svartebørs. Kriminalstatistikken er også høg og eit stort samfunnsproblem.
Mange destabiliseringstaktikkar gjer seg også gjeldande i motoffensiven mot Maduro-regjeringa. Her spelar økonomisk og organisatorisk støtte til ulike deler av den høgre-orienterte opposisjonen frå først og fremst USA ei stor rolle (mykje av dette kan samanliknast med dei destabiliseringsmetodane CIA og Pentagon gjorde ovanfor Allende-regjeringa i framkant av militærkuppet i Chile i 1973).
Det er mange store sosiale samfunnsprosjekt (misiones) som har vore svært vellukka under tida til Hugo Chávez og som held fram under tida til Nicolás Maduro. Eit av dei mest omfattande er “husbyggingsmisjonane”. Frå starten i 2011 og til i dag er det bygt omlag 850 000 bustader og er rekna å nå millionen ut 2015. Det gjev rimelege bustader til omlag 5 millionar venezuelanarar av totalt 30 millionar innbyggarar. Også innan helse, skule og høgare utdanning har millionar av folk fenge gratis eller rimelege tenester og tilbod. Dette kostar pengar og når mykje av dette kjem frå oljeøkonomien som no er redusert kraftig vert det store utfordringar. Noko som går utover andre deler av samfunnsøkonomien også. Mykje kan seiast om dette og handteringa av den høge inflasjonen, korrupsjon og mangel på nasjonal vareproduksjon. Maduro og hans folk har i for liten grad klart å finne gode løysingar på desse utfordringane. I tillegg er Maduro ein tildels svak president og langt frå den store folketalaren og taktisk kloke Chávez. Dette gjer at det er ei forsterka politisk krise, der landet er endå meir polarisert enn før. Dette må president Maduro også ta ein del av ansvaret for.
LES OGSÅ: USA og Latin-Amerika: Det gode eksempels trussel
Polarisering og eliten
Venezuela er polarisert politisk og mange hadde sterke meiningar om Chávez, som hadde makta 1999-2013. Skiljelinene går langs sosiale klassar, og mens dei rike heile tida har åtvara mot kommunisme og eit nytt Cuba har arbeidarklassen og fattige for stor del slutta opp om Chávez sin “Sosialisme for det 21.århundre”. No er leiaren deira borte (døydde av kreft i 2013) og mange har frykta kva som ville hende etterpå, men revolusjonen og prosessane som deira helt har vore drivkrafta til, er truleg så djupt grunnfesta at dei kanskje ikkje kan reverserast med nokre pennestrøk. I alle fall ikkje til omfattande protestar frå dei millionar som har kome seg opp av fattigdomen og fenge eit betre liv, men som no også slit. Dette til opposisjonen og deira allierte i Vesten si store fortviling, til no. Endringsprosessar har gått føre seg over store deler av Latin-Amerika, men ikkje overalt. Situasjonen framover er uklar og endringsprosessane har stoppa opp og rullast attende. Høgreregjeringar har kome i Argentina og Chile, Colombia ein ytrehøgre og det værste dømet er no Brasil med fascisten Jair Bolsonaro ved roret.
Den globale politiske og økonomiske eliten har alltid vore interessert i Latin-Amerika sine ressursar. Men venstreorienterte land har forsøkt å hindre denne utplyndringa av kontinentet, og gje sine folk sjølvråderett og rettferdig fordeling av økonomien. Kva med desse endringsprosessar i 2019? I Argentina vann høgrekandidaten Macri, etter ein stygg kampanje mot Cristina Fernández de Kirchner og hennar parti sin kandidat Scioli for to år sidan. I Brasil etter ein beinhard skiten kampanje mot president Dilma Rousseff vart ho stilt for riksrett. Noko som var grunngjeve i at presidenten skulle ha “pynta på” statsbudsjettet for å gøyme underskot. Noko mange meinte var grunnlause påstandar og politisk motivert. Tidlegare president Luiz Inácio Lula da Silva vart tiltalt og dømd for korrupsjon og sit no i fengsel. Dette i samband med den store korrupsjonssaka i statsoljeselskapet Petrobras kalla «Operasjon bilvask», som ramma stadig fleire i den brasilianske samfunnseliten. Åtklagane mot Lula vart av mange oppfatta som veldig overdrevne både i storleik og omfang, og mest politisk i motiv.
I 2018 vann den høgreekstreme Bolsonaro etter fleire år med politisk kaos og økonomisk nedgang. Omlag 40 prosent av Brasils 200 millionar innbyggarar lever i hushaldningar med ei inntekt på mindre enn 3.600 kroner per månad (NTB), og det vert i alle fall ikkje betre for dei fattige med det nye regimet. I Venezuela i 2016 vann høgreopposisjonen MUD eit 2/3 fleirtal i nasjonalforsamlinga mot regjeringspartiet PSUV. Er alt dette klårey teikn på at motoffensiven, dei nyliberale krefter, rullar attende endringsprosessane i Latin-Amerika? Eller kjem dei folkelege organisasjonar og progressive regjeringar til å motstå presset frå høgrekreftene og USA sine imperialistiske framstøyt? Akkurat no i skrivande stund ser dette riktig mørkt ut.
LES OGSÅ: Trekk sanksjonene mot Venezuela
Ubalansert framstilling
Det er symptomatisk at når det oppstår dramatikk i form av ulike protestar i eit land, så er forteljinga ofte einsidig, basert på lite djupgåande analysar. Forsking viser at økonomisk-politisk ståstad påverkar framstillingane i media. I Latin-Amerika har nyliberalismen sidan 1980-talet vore ramma for å forstå utviklinga. Når endringsprosessar vekk frå den nyliberale modellen byrja i fleire land på 2000-talet, vart det privateigde media verande i nyliberalismen. Eitkvart forsøk på endring av dogmet, det individuelle over det kollektive, eliten framfor dei fattige, forrangen av marknaden over politikken og konsumenten over borgaren, vert svart med harde klager om maktmisbruk utført av dei nye demokratisk valde regjeringar. Forsøk på sosiale endringar og iverksetting av helse- utdannings- og fordelingsprogram vert møtt med eliten og den høgare middelklassen sin propaganda. Protestar med valdeleg innhald vert neste steg, ofte med økonomisk hjelp frå utlandet (les USA). Denne hetsen mot endringsforsøka vert formidla vidare av dei store globale mediakonserna.
Det er ikkje «balansert» når hovudinntrykket ein sit att med etter mange innslag i pressa at det «berre» er Maduro og regjeringa, eller rettsvesen o.l. som er skuld i oppstandane, og ingen andre. Eg har til dømes ikkje høyrt eller lese i nokon NRK-reportasje og i mange aviser elles at det har vorte nemnt at hundrevis av små eller større valdsepisodar eller øydeleggingar av offentleg eigedom er utført av høgreekstreme gjengar, mellom anna motorsykkelbandar. Eg har heller ikkje høyrt det har vorte omtala at sabotasje innan varetilgong har vore utbreitt frå store private aktørar i kampanjar for å endå meir lage krise.
Korriger meg om eg tek feil. Det er mange ting som ein kan og skal kritisera eit lands styresmakter for, Venezuela inkludert, men når destabiliseringspolitikk vert verkemiddel for å styrte ei demokratisk valt regjering, må ein prøve å få det fram. Det er ein polarisert situasjon i Venezuela, men ein må ikkje underslå at sterke ultra-høgre krefter aldri vil ha dialog og aldri vil ha eit likestilt og rettferdigt land.
Kommunistisk diktatur har ansvaret for elendigheten i Venezuela, ingen som helst tvil om det.
Venezuela er verken kommunistisk eller et diktatur.
Sant nok. Artikkelforfatteren her har iblant vært gjest inne på spartakus.no. I dag har Terje Alnes selv en artikkel der han får sagt noe om spillet rundt Venezuela med relativt få ord:
https://spartakus.no/2019/02/01/alt-de-ikke-forteller-deg-om-venezuela/
Når et fritt og demokratisk valg på ny nasjonalforsamling blir tilsesidesatt og underkjent ved at sittende makt avvikler en uavhengig høyesterett, slik at nyetablert og regimevennlig høyesterett annullerer valget. Da er det altså ikke et diktatur?
Forklar meg gjerne hvorfor det ikke er et diktatur.
Make my day.
Ser at forfatteren forsøker seg på en slags tidslinje som etterhvert ender opp med denne mindre heldige setningen:
«Frå starten i 2011 og til i dag er det bygt omlag 850 000 bustader og er rekna å nå millionen ut 2015. »
Så velger Jørdre elegant, og av ukjent grunn, å hoppe bukk over folkets valg på ny nasjonalforsamling samme år. En nasjonalforsamling som ved sosialistenes korrumpering av rettsapparatet ble erklært ugyldig og siden har situasjonen vært status quo.
De folkevalgte er ikke folkevalgt, men det fortjener altså ingen oppmerksomhet i dette makkverket av en kronikk.
På toppen av dette utelates all informasjon om hvordan staten velger å drive «butikk». Et ekspriment som dessverre har mye til felles med Mugabes Zimbabwe, med masjonalisering, overtakelse og innsetting av nytt mannskap basert på kameraderi og innfallsmetoden. Butikken gikk såvidt rundt i en periode med absurd høy oljepris, og oljen ble den nye kornbingen. Jeg har fortsatt til gode å se noen spise seg mett på olje. Ekstremimport av mat ble forsøkt som botemiddel, men valutaen var allerede i fritt fall siden tre fjerdedeler av nasjonaløkonomien var bundet opp i olje. Etter nasjonalisering av nøkkelbedrifter ble kompetanse og erfaring ble byttet ut med lojalitet og nepotisme. Om ikke dette skulle være nok blir kritiske røster på hele venstresiden, samt fagforeninger med annet syn på virkeligheten forfulgt og drept. Dette er heller ikke nevnt.
Det er ingen hemmelighet at Venzuela har vært presset av USA langt utover rimelighetens grenser, men den ramponering staten har utført over sitt eget lands folk kan ikke USA klandres for. En ramponering som langt på vei minner en Kulturrevolusjon 2.0, der stålindustri er byttet ut med olje. Alle skal på jobb, ingen skal få mat.
Denne kronikken bærer med andre ord ingen troverdighet. Hold deg til billedkunst og arkeologi der arbeidsproduktet ikke forringes av fargen på brillene. Anklag heller ikke andre for ubalanse i nyhetsformidlingen når dette er hva du presterer, da ufrivillig ironi hverken er morsomt eller elegant.
Om Jørdres bacheloroppgave skulle dreie seg om Venezuela i Chavez/Maduro-epoken er det bare å si lykke til.
Det trengs.