Held fornorskinga fram gjennom at naturforvaltninga undergrev grunnlaget for den samiske kulturen?
I ein serie på tre artiklar vil eg vise at fornorskinga hadde langt fleire sider og at ei gransking av og eit oppgjør med fornorskinga ikkje blir komplett utan at ein ser på naturforvaltninga i fortid og notid. Dette er tredje del.
Tilbake til tittelen på NOU 1997:18: Naturgrunnlaget for samisk kultur. Har dette vore retningslinja for naturforvaltninga i dei 21 åra som har gått? Eller er det faktisk slik at fornorskinga held fram gjennom at naturforvaltninga undergrev grunnlaget for kulturen?
LES OGSÅ del 1: Naturforvaltning som fornorskning — fornorskningspolitikk og fornorskningsprosess
Naturforvaltninga i fornorskingstida
Samar har som kjent brukt naturen i fire land og i minst 8 fylke i Noreg. Dei har gjennom tidene opplevd mange former for naturforvaltning, med forskjellige gradar av privat og statlig eigedom og sterkt varierande anerkjenning av eigne rettar i eige tradisjonelle bruksområde. Eg vil her vesentlig bygge på forholda i Finnmark. No stridast både lærde og ulærde om etnisitet i Finnmarks eldre historie, men vi bør nokolunde trygt kunne seie at samar har vore dominerande innafor naturbruken særlig i innlandet og fjordane. Områda dei brukte til jakt, fiske og sanking rekna dei som sine, og utaforståande måtte spørje lokalbefolkninga om lov å hauste av ressursane. Styresmaktene la seg lite opp i det, så lenge dei fikk inn sin skatt til Kongen i København.
Frå slutten av 1600-talet byrja styresmaktene ei meir aktiv regulering av utmarksbruken, bl.a. gjennom vern av furuskog og gjennom å forsøke å få sjøsamar å busette seg fast i staden for å flytte rundt i fjordane. Dei store inngrepa frå styresmaktene kom likevel først frå midten av 1800-talet, omtrent samtidig med at fornorskinga starta for fullt. I 1863 kom jordsalslova, som slog fast at all jord i Finnmark som ikkje var avhenda, hørte Staten til. I 1902 kom ei ny jordsalslov, som sa at jord bare skulle selgast til norsktalande. Sjølv om denne lova ikkje alltid blei praktisert så strengt som ho var skrive, var ho eit klart symbol på at nordmenn var herrefolket og samar og kvenar bare var godkjente i den grad dei lot seg fornorske. No var det i lova eit generelt forbod mot sal av utmark, men som eigar av utmarka hadde staten også rett til å regulere kven som skulle få hauste kva og når. I 1860 blei Statens skogvesen oppretta, seinare endra i 1957 til Direktoratet for Statens skoger og i 1993 til Statskog SF. Med dette blei utmarkshausting og reindrift redusert til ein «tålt bruk», i staden for ein rett etter alders tids bruk. Med grunnlag i påstanden om statlig eigedomsrett kunne staten så gjøre reguleringar og sette inn oppsyn som sørga for at reguleringane blei overhalde. Staten kunne og opprette verneområde der tradisjonell bruk kunne bli forbode, eller til naud tillatt på dei sentrale vernestyresmaktene si nåde.
Dei statlige reguleringane har ofte vore stikk i strid med den tradisjonelle bruken, både når det gjeld jakt- og fisketider, reidskapar og ikkje minst kven som har hatt retten til jakt og fiske. Da fornorskinga innafor språk- og skolepolitikken etter kvart blei oppgitt, skjedde det ikkje noko tilsvarande innafor naturforvaltninga. Snarare tvert om. Med omdanninga til Statskog SF blei det slått fast at forvaltninga skulle drivast etter bedriftsøkonomiske prinsipp. Først med Finnmarkslova av 2005 blei det formelt ei endring, men reelt er situasjonen heller blitt dårligare sett frå lokal utmarksbruk. Finnmarkseiendommen er, liksom Statskog i andre delar av landet, ein pådrivar for naturinngrep som gruver og vindkraft, og bygger sine påstandar om eigedomsrett til all utmark nettopp på staten sin sjølvtekt av 1863.
LES OGSÅ del 2 av serien: Naturforvaltning som fornorsking — samisk naturbruk mellom to stolar
Naturmangfoldlova og samane
For ti år sidan fikk vi naturmangfoldlova. Dette er ein av dei lovane i Noreg som gir mest plass for samiske rettar og tradisjonar. Føremålsparagrafen seier så vakkert: «Lovens formål er at naturen med dens biologiske, landskapsmessige og geologiske mangfold og økologiske prosesser tas vare på ved bærekraftig bruk og vern, også slik at den gir grunnlag for menneskenes virksomhet, kultur, helse og trivsel, nå og i fremtiden, også som grunnlag for samisk kultur.» Lova seier òg at samisk tradisjonskunnskap skal vurderast ved forvaltninga. Det var teorien. Når det kjem til konkret praksis er det ofte verre. I Naturmangfoldlova vann dei samiske interessene fram i dei allmenne formuleringane, men tapte når det kom til det konkrete. Sametinget hadde foreslått å ta i bruk den internasjonalt anerkjente vernekategorien «Verna bruksområde» (IUCN kat. VI), men det ville ikkje styresmaktene. Miljødirektoratet sa det klart: «Bruk er ikkje noko mål for vern.» Direktoratet har også åtvara mot å ta inn omsyn til samisk kultur i retningslinjene for verneområde i samiske bruksområde.
Naturforvaltning skal vere heilskapelig, men kan grovt delast i to:
1. Arealforvaltning
Kven har retten til å bestemme over utnytting av ressurser, inngrep og salg av areal?
Mange tenker at dette er eit spørsmål om eigedomsrett, men så enkelt er det ikkje. I utmark er eigedomsretten eigentlig bare ein restrett, for andre kan ha bruksrett til f.eks. beite og mineralleiting, og staten kan alltid ekspropriere til dei formåla staten sjølv vel å prioritere.
Det store spørsmålet er her: Er dei rettane som samar og anna lokalbefolkning har til reindrift, fiske m.m. rettar som staten har gitt dei, eller er det rettar som dei har på grunnlag av alders tids bruk, og som ikkje staten kan ta frå dei. Rett blir skapt på to vis: Gjennom langvarig bruk og gjennom lovvedtak. Og den andre kan ikkje oppheve den første. Det er likevel nettopp det som norske styresmakter har gjort og gjør gong på gong.
2. Artsforvaltning
Artsforvaltning tar sikte på å regulere bestanden av forskjellige artar av dyr og planter, og forsøke å oppretthalde det biologiske mangfaldet og balansen i naturen. Dette omfattar reglar for jakt, fiske, plukking og hogst. Forvaltninga skal på eine sida sørge for at ikkje artar blir utrydda eller kraftig desimerte, men også at ikkje nokon artar får spreie seg slik at det går ut over vegetasjon eller beitedyr.
Eit eksempel som har blitt kjent langt utover landet er andejakta i Guovdageaidnu. Der er tradisjonelt og opp til vår tid bare jakta på våren, mens lovverket seier at andejakt er på hausten. Her ba kommunen ba om at haustjakta blei forbode i Guovdageaidnu. Det nekta staten å vere med på. Det tyder på at det ikkje var omsynet til andebestanden som låg bak forvaltninga sin motstand mot vårjakta, men prinsippet om at norsk og ikkje samisk naturbruk skal ligge til grunn for naturforvaltninga i Sápmi.
Naturforvaltning for kven?
Naturforvaltninga gjeld ikkje bare kva som skal vere tillate og forbode, men også kven som skal ha lov å hauste og å bruke dei reiskapane og framkomstmidla som er nødvendig for hausting.
Mens jakt- og fiskerettar i resten av landet i stor grad har hørt til private eller bygdeallmenningar, så har staten si sjølvtekt som grunneigar i Finnmark gitt eit system der folk frå heile landet og utlandet med kunne komme hit å jakte og fiske. Dei tusenvis av rypejegarar og stangfiskarar som kjem kvart år utgjør i lag med organisasjonen deira NJFF ei innflytelsesrik pressgruppe for at alle skal ha like rett til å jakte og fiske i Finnmark, og at reglane for kjøring i utmark skal vere dei same for alle. Med andre ord at lokalbefolkninga ikkje skal ha meir rett til eigne område enn tilreisande turistar. Dei har støtte frå organisasjonen EDL, som framstiller all form for forskjellsbehandling av lokalbefolkning og tilreisande som diskriminerande.
Lokal tradisjonell bruk av utmarka har likevel hatt ei viss innverknad på lovverket. Dette var hovudargumentet for at Finnmark fikk unnatak i lov om motorferdsel i utmark, så kommunane fikk opprette barmarksløyper, både opne og dispensasjonsløyper. Men resultatet er at dei opne løypene er opne for alle. I dag kan ein turist leige seg ein ATV på Thon Hotel Kautokeino og lovlig kjøre 5 mil innover vidda og der utan særlig fare i praksis gjøre så mye ulovlig han bare vil. Slik blir reglar som skal vere innført av omsyn til lokalt naturbruk til eit trugsmål mot dette formålet.
Strategi for fornorsking
Det som er skrive så langt viser at trass fine ord, manglar det enno mye på at lovverk og forvaltning sikrar at fornorskingsprosessen blir stoppa opp, og naturforvaltninga er i dag ei undergraving av Grunnlova §108: Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.
Kva er så årsakane til dette? Er det gamle fordommar og uvitenheit hos politikarar og forvaltarar? Det er nok ofte tilfelle, men det er ikkje heile forklaringa. Samisk kultur må ha eit naturgrunnlag. Det føreset ein intakt natur, der reinen kan beite og trekke mellom dei områda han treng på forskjellige årstider, der ein kan fiske i rein fjord og reine vatn, der ein kan jakte, sanke og gå tur i sine tradisjonelle område utan støv og støy frå gruver eller suset av 200 meter høge vindturbinar over hovudet. Store områder har allereie gått tapt, til gruvedrift, kraftutbygging, vegar og turistanlegg. Og det verste er at det er den norske regjeringa sin strategi at langt større område skal gå tapt for samisk og anna lokal naturbruk. Det er strategien til den noverande regjeringa, den førre regjeringa og alt tyder på at det blir den neste regeringa sin strategi om det skulle bli regjeringsskifte før eller etter neste stortingsvalet.
Ingen av regjeringane eller regjeringsalternativa har hatt ein strategi for oppretting av skadene etter fornorskinga og for utvikling av samiske og kvensk språk og kultur. Derimot har dei klare strategiar for:
– Nordområda. Denne går kort ut på å legge til rette for utvinning av olje, gass og mineral, for mangedobling av fiskeoppdrett, for utbygging av vind- og vasskraft.
– Mineralstrategi. Vedtatt i 2013 med sjødumping som viktigaste verkemiddel for å gjøre Noreg konkurransedyktig.
– Vindkraftutbygging. Grønne sertifikat skal gjøre naturinngrep lønsame. NVE utarbeidar no ein strategi for område som skal byggast ut, det meste er i reinbeiteområde.
Desse strategiane bygger på at den norske staten har rett til å ta og gi bort alt ein vil av samiske bruksområde og at samane ikkje har nokon rett til å stanse dei. Den bygger på å sjå bort frå den samiske bruken og hevde at utmarka i nord er ubrukt. Strategiane betyr å legge Samerettsutvalet sine innstillingar, sameparagrafen i grunnlova og internasjonale konvensjonar daude og at norsk og internasjonal kapital skal ha fritt fram i det området som er naturgrunnlaget for samisk kultur.
Den einaste retten samane har er retten til å gjøre seg upopulære i den norske befolkninga med å protestere mot alle inngrep, og reindrifta kan evt. få ei pengeerstatning for tap av inntekt.
Fjordfiskarar og utmarksbrukarar i innlandet vil derimot ikkje ein gong få pengeerstatning, fordi det ikkje er anerkjent at dei har noko rettar til det området dei brukar. Og tap av språk og kultur kan ikkje erstattast, heller ikkje tap av natur.
Om Staten Noreg anerkjenner at samane har rett til å bevare bruksområda sine, og dermed til å sette foten ned mot slike inngrep som no er planlagt, så ryk alle dei nemnde strategiane. Derfor ønsker ikkje staten at Sanningskommisjonen om fornorskinga tar opp den fornorskinga som har skjedd og framleis skjer gjennom naturinngrep og naturforvaltning. Det gjenstår å sjå om kommisjonen sjølv vågar å ta opp dette. Lukke til!