Som fagrørsle kan vi ikkje stå passive å sjå på at trakassering, maktmisbruk og overgrep blir brukt som undertrykkjingsmekanismer.
25. november skal verda fargast oransje, har FNs generalsekretær bestemt, og dagen skal brukast til bevisstgjering om vald mot kvinner. Kvart år følgjer den oransje fargen markeringa av denne dagen.
I år nyttar fagrørsla dagen til å leggje press på arbeidsgjevarar og myndigheiter, for å få vedteke ein ILO-konvensjon mot vald og trakassering i arbeidslivet. Ein konvensjon som kan bli implementert i EU og nasjonal lovjeving. Store delar av verda manglar eit rammeverk som vernar mot vald og trakassering, og vi må stå ilag internasjonalt om forhandlingane skal munne ut i ein konvensjon våren 2019.
I Norge oppgjev kvar femte unge kvinne å vera utsett for trakassering på jobb, og mest utsett er dei som arbeider i utelivet og i helsevesenet. Statens Arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) skriv at norske arbeidstakarar opplev meir truande og audmjukande åtferd på jobb enn EU-gjennomsnittet, og at kvinner er meir utsett for trugsmål og krenkande åtferd, for eksempel seksuell trakassering.
LES OGSÅ av Åse-Kari Kobbersletten: #ståoppfortrygghet — sammen mot seksuell trakassering
Året som har gått har vore ein tsunami av historier om trakassering og overgrep i arbeidslivet, i kampanjer som #metoo og #bringbackourgirls. Som fagrørsle kan vi ikkje stå passive å sjå på at trakassering, maktmisbruk og overgrep blir brukt som undertrykkjingsmekanismer.
Det som skjer i arbeidslivet skjer ikkje lausrivi, men er eit symptom på det kvinnesynet som rår i samfunnet. På verdsbasis blir kvar tredje kvinne utsett for vald i løpet av livet. Handlingsplanen mot kjønnsbasert vald frå Beijing (1995) “understreker at fysisk, seksuell og psykisk vold forekommer i samfunnet generelt, også på arbeidsplassen, i utdanningsinstitusjoner og gjennom menneskehandel og tvungen prostitusjon. Vold begås ikke bare av individuelle menn, men kan også utøves av staten eller representanter for staten med sikte på å undertrykke kvinners politiske krav om rettigheter som vedrører dem.”
Som fagorganisasjonar skal vi jobbe med juridiske rammer og avtaler som sikrar oss mot undertrykkjing og vald. I Norge har vi langt på veg sikra dei organisastoriske rammene, og har eit landsdekkjande apparat for å arbeide imot vald i nære relasjonar. Likevel lev mange fortsatt sine liv i frykt. Vi har ein lang veg å gå med haldningsarbeid. – Noko vi har sett godt illustrert i ei rekkje klønete handterte varsel om trakassering og grøvre overtramp i dei siste par åra.
La oss gå ilag og ta eit løft på dette feltet, både på arbeidsplassane våre og ute i samfunnet ellers.
Å ta vald og trakassering ut av privatsfæren krev mot og openheit. Fleire får mot om vi står saman.
“Not until the half of our population represented by women and girls can live free from fear, violence and everyday insecurity, can we truly say we live in a fair and equal world.» — UN Secretary-General António Guterres.»
End gender-based violence in the World of Work #ILOendGBV