I dag er det eit år sia president Recep Tayyip Erdoğan i TyrkIa sende militære styrker over grensa til Syria. I den nordvestre delen av landet okkuperer Tyrkia eit område like stort som Vestfold. Dette er den minst kjende av dei mange krigane i Syria.
— Ein del tyrkiske politikarar meiner krigane i dei siste åra vil føre til ny oppdeling av Midt-Austen. Det kan gi plass for det store Tyrkia som var ein del av Nasjonalpakta frå 1920.

Salih Muslim som seier dette, er medleiar i PYD (Det demokratiske einskapspartiet). PYD har skapt ei ny samfunnsordning i Nord-Syria. Han vaks opp i ein landsby utafor Kobanê. Dei siste åra har han levd med krigen på nært hald. Daesh drap ein av sønene hans for fire år sia. Rett før gravferda kunngjorde Daesh at dei hadde blinka ut Shravn Muslim som mål for snikskyttarane.

Den tyrkiske Nasjonalpakta – Misak-ı Millî – vart vedtatt i 1920. Pakta trekte opp grensene for ein ny stat, Tyrkia. Grensa skulle gå sør for Aleppo og Raqqa i Syria og sør for Mosul og Kirkuk i Irak. (Sjå kartet.) Mustafa Kemal – som tok tilnamnet Atatyrk – utforma Nasjonalpakta. Han sto i spissen for Sjølvstende-krigen og oppretta staten Tyrkia. Men etterpå bøygde han av for krava frå England og Frankrike. Atatyrk – far til alle tyrkarar – godtok eit mindre Tyrkia. Kort og enkelt: Atatyrk var ikkje sterk nok.
Muslim meiner ønskjet om varig ekspansjon er hovudårsaka til den tyrkiske invasjonen. Etter hans syn ligg den kurdiske busettinga i Nord-Syria i vegen for den gamle tyrkiske planen.
— Derfor fører Tyrkia krig mot kurdarane i Syria. Men dette snakkar dei ikkje høgt om til andre, seier Muslim.
LES OGSÅ: Norge inn i Syriakrigen for fredens skyld — sammen med Saudi-Arabia og Trump
Ein vanleg hær kan øydelegge alt
Muslim meiner den kurdiske landsdelen Efrin kan stå for tur. Efrin som ligg i det nordvestlege hjørnet av Syria, har no tyrkiske styrkar på tre kantar. Fleire gonger i veka sender Tyrkia tungt skyts mot landsbyane. Over statsgrensa eller frå området Tyrkia okkuperer i Syria. Flyåtaka er sjeldnare, men effektive.
– Tyrkia har bygd opp jihadistgrupper i okkupasjonssona. Dei er med i åtaka, seier Muslim.
Dagen før eg møtte han, stoppa kurdiske styrkar eit åtak mot ein av landsbyane. Han seier at fem av dei drepne var tyrkiske soldatar: — Tyrkiske soldatar døydde i angrepskrig på syrisk jord.

– Styrken som gjekk til åtak i går var ikkje stor. Korleis går det viss Tyrkia går til full krig?
– Da vil dei ende slik Daesh gjorde i Kobanê, svarar Muslim. Kurdarar kallar heimbyen hans «Syrias Stalingrad». Daesh lei det første nederlaget sitt der.
– Men Tyrkia har den nest største hæren i Nato. Meiner du Efrin kan stå i mot?
– Ein vanleg hær kan øydelegge alt. Med flyåtak og tanks. Men i lengda får ein slik hær vanskar i kamp mot milits- og geriljagrupper. Vi såg korleis det gjekk med USA i Vietnam for 50 år sia.
— Folket i Efrin er godt organisert, legg han til. – Dei har eit sterkare forsvar enn Kobane hadde for tre år sia.
LES OGSÅ: Den sosiale revolusjonen i Rojava
Tyrkia skiftar ut befolkninga
— Dei øydelegg kurdiske landsbyar. Dei som bur der, må flykte. Så flyttar Tyrkia inn arabarar og turkmenarar frå Homs, Hama og nær Damaskus. Nokre av dei kom med eigne våpen. Tyrkia skiftar ut befolkninga. President Erdogan har sagt det rett ut: ‘Planen vår er å bygge nye byar der for hundretusenar.’
— Liknar dette dei israelske busettingane på okkupert palestinsk jord?
— Ja.
— Er det akkurat det same?
— Kanskje. Lokale forhold og framgangsmåten kan vere litt annleis
LES OGSÅ: Kurdisk politisk aktivst sendes til Iran med fare for livet
Større oppslutning frå andre
PYD (Det demokratiske einskapspartiet) legg no ikkje stor vekt vekt på det som berre gjeld kurdarar. Alle folka i Nord-Syria skal ha like rettar. I praksis og ikkje berre på papiret. Føderasjonen Nord-Syria er den administrative og politiske overbygninga for den nye samfunnsorganiseringa. SDF (Dei demokratiske styrkane i Syria) er dei væpna styrkane.
— Vi har aldri vurdert å opprette ein ny stat, seier Muslim.
– Vi arbeider for demokratisk føderalisme i heile Syria. Folka i dei andre landsdelane må avgjere om dei vil ha ei slik samfunnsordning. Vi skal ikkje tvinge dei. Men vi kan vere til hjelp.
Medleiaren i PYD hevdar at dei har militær framgang mot Daesh og auka folkeleg oppslutning i områda som SDF har frigjort. SDF kontrollerer omlag ein femtepart av Syria.
— Det har vori hard propaganda mot oss. At vi er separatistar som vil ha vår eigen stat. At kurdarane vil undertrykke dei andre folka. At vi vil drive etnisk rensing mot arabarane.
— Mange har endra syn etter å ha sett det som skjer på bakken. Muslim hevdar at frigjeringa av Manbij for eit år sia vart eit vendepunkt. Denne byen, som har like mange innbyggarar som Tromsø, ligg tre mil vest for Eufrat. Fleirtalet er arabarar.
Da SDF frigjorde byen, hadde Daesh styrt Manbij i to år. Muslim seier at korkje SDF eller PYD overtok styringa.
– Ingen utafrå er med i rådet som no styrer byen. Dei organiserer seg sjølv og tar seg av samfunnsstyringa.
Valresultatet frå 12. mars i år, kan tyde på at det er slik. Det nye byrådet oppretta 13 komitear. Eit klart fleirtal av dei 143 komitemedlemane, er arabarar. Kurdarane er nest største gruppa. Så følgjer dei turkmenske og tsjerkessiske gruppene. Og til slutt ein armenar og ein tsjetsjenar. Fordelinga liknar på samansetninga av befolkninga. For meg er det sjølvsagt umuleg å ettergå korleis valet vart avvikla.
— I dag er truleg halvparten av soldatane i SDF frå andre folk. Alle er no med i SDF, seier Muslim. – Arabarar, turkmenarar, jezidiar, syrianarar. Han nemner enda fleire.
— Frigjeringa av Raqqa blir enklare for oss. Folk har sett eller høyrt om Manbij. Mange frå Raqqa har slutta seg til SDF og fått militær opplæring. Muslim er likevel ikkje skråsikker. Raqqa er sjølve DAESH-hovudstaden. Han reknar med at Daesh vil slåst med alle middel og til siste slutt.
LES OGSÅ: Erdogan vant og demokratiet tapte i Tyrkia
USA og Russland
Salih Muslim stoler ikkje på stormakter, korkje USA eller Russland. I juli avslutta FN den sjuande forhandlingsrunden i Geneve. Utan Føderasjonen Nord-Syria ved forhandlingsbordet og utan resultat.
— Stormaktene vil ikkje ha ei stabil løysing, svarar Muslim når eg spør om årsaka til enda ein fiasko i Geneve. – Og demokrati i Syria vil ikkje vere bra for Tyrkia.

— Vi er alliert med USA mot Daesh. Men dei har ikkje lova oss noko. I morra kan USA godt seie: «Det er slutt.» Da vil vi kjempe vidare. Vi stoler på og er avhengige berre av vårt eige folk. Hadde USA vori ein verkeleg alliert mot terror, hadde dei bede Tyrkia trekke seg ut av det okkuperte området og stanse støtta til jihadistane. Og Russland som skal forsvare tyrkisk territorium, dei ser gjennom fingrane med den tyrkiske okkupasjonen. Det er noko som ikkje stemmer, seier Muslim.
Frie menneske kan gjere alt.
— Trur du Assad går til åtak for å øydelegge den nye samfunnsordninga med våpen?
— Ver sikker på at han gjer det, viss han kan. Men vi trur regimet er svakt no. Dei er avhengige av Iran, Hezbollah og Russland.
— Du må ha eit grunnlag å bygge demokrati på, held han fram.
— Vi blir større og større, fordi vi er den einaste demokratiske krafta her som er avhengig av eit organisert folk. Folka i dei andre landsdelane må ta opp kampen for å endre haldningane. Frie menneske kan gjere alt.
Muslim trur ikkje den demokratiske samfunnsordninga PYD har bygd opp, på lang sikt kan leve side om side med president Assads regime:
– Vi vil ikkje vende tilbake til den gamle mentaliteten. Det er vanskelege å kompromisse på demokrati, seier han.
Rart hvordan det er totalt media black out om det som skjer i Syria for tiden !
SKYGGENE FRA GUERNICA:
Nesten som et kaldt gufs i fra 1930’åra går i reprise. Mens Fascistenes blodige hånd herjer vildt, så sitter vi i vesten med hendene i fanget. La oss håpe at ikke konsekvensen blir at vi også får 1940 tallet i reprise som belønning for våre unnlatelsessynder.
Min kjærlighet til folket i Rojava (nord Syria) bare vokser og vokser for hver dag som går. De er i færd med å skape et samfunn som er helt unikt i verden. Dette ovegår langt alt annet vi har sett i historien. Dersom folket i Rojava lykkes i å beskytte det nye samfunnet de har skapt, så kommer de til å bli gjenstand for berettiget misunnelse verden over.