I kyrkjeasyl i Stord sit eit afghansk ektepar med dødsdomar hengande over seg, for å funne kvarandre og for å ha vendt seg frå islam. Ei ung mor med to barn sitt i eit menighetslokale med dødsangst, mens faren sit i ei celle på Trandum, trass leganes råd grunna hans psykiske tilstånd.

Kjære folkevalgt,

Noreg 2017
På eit avsidesliggande menigheitslokale på Stord sit ei 20 år gammal afghansk mor i kyrkjeasyl med sine to små gutar på 3 og 4 ½ . Barn nummer tre er i den stadig veksande magen. Ho er fem månader på veg og livredd. Mannen hennar er innlagt på psykiatrisk etter ein tung psykose som legar meiner er påført han av norsk politi.

Når sola skin ute opnar ho vindauga på full gløtt for at dei små gutane hennar skal få nokre etterlengta solstrålar på seg. Mora har lært dei at døra må vere låst. Dei får ikkje gå ut. Dersom dei gjer det, kan nokon kome og ta dei. Då er dei i livsfare. Vert dei sendt til heimlandet, vert heile familien drepne fordi det dei har gjort fører til dødsstraff.

Afghanistan 2011
Ei ung jente på fjorten skal tvangsgiftast til ein 66 år gamal mann. Men jenta vil ikkje, ho har eit godt auga til ein annan. Bak gluggane i kjøkenet har ho sett han. Dei sender kvarandre hemmelege blikk, dansar i draumar. Dei treffest ved brønnen, men held den gryande kjærleiken skjult for brør og onklar. Dei er forelska, men fortvila. Difor flyktar dei til ein annan kant av landet og lever i skjul. Å gifte seg med ein annan mann enn den familien har peika ut har krenka familieæra. Eine bror hennar er livvakt for ein terrororganisasjon. Dei to giftar seg, etablerer familie, får to søner og han arbeider for å spare pengar dersom det vert naudsynt å flykte. Dei veit heile tida at dersom dei vert oppdaga kjem dei i livsfare. Kvinner som henne vert gravne halvvegs ned i bakken og steina. Slik er det her. Bror hennar får nyss i kor dei oppheld seg. No er dei i livsfare. Dei flyktar. Det er for farleg å bli i Afghanistan. Midt på vinteren legg dei difor ut på ei livsfarleg reise som skal traumatisere guten som no er 4 ½. Ferda over havet i dårleg vêr i ein overfylt gummibåt gjer han livredd. Han sluttar å snakke.

LES OGSÅ: To år gamle Bahez ligger med åpne sår på et skittent hotell – han får ikke komme til Norge

Noreg 2016
Faren i familien oppsøker ei menigheit i Sauda og finn trøyst og nytt håp i den kristne trua. Familien på fire får avslag. Norske myndigheiter trur dei ikkje. At eit ungt par kan finne kvarandre slik dei fortel, er visst umogleg ifølge UDI.

Februar 2017
Familien går i kyrkjeasyl på Stord. Ny dokumentasjon frå Kabul vert lagt fram om at mannen i familien er ettersøkt i Afghanistan. Det vert levert inn omgjeringsbegjæring til UNE på grunn av nye opplysningar i saka. Nokre veker ut i kyrkjeasylet vert familien kontakta av politiet og får forsikring om at dei er trygge til saka deira kjem opp. Politiet forsikrar om at dei vil ta omsyn til borna deira, at eldsteguten skal få behandling på barne- og ungdomspsykiatrisk, at mora skal få naudsyn svangerskapsomsorg, at gutane skal få gå i barnehage. Dei flyttar difor attende til mottaket etter ei tid i kyrkjeasyl, trygge, i full visse om at dei har vern av myndigheitene. Så skjer det ufattelege. Trass politiet sine lovnadar kjem dei likevel ein tidleg morgon for å hente familien. Dei skal ut av landet. Det går i svart for faren. I panikk grip han til ein skitten fruktkniv. Han vil døy sjølv, for å berge kona og borna. Han kuttar seg djupt i eine underarmen, framfor familien og politiet. Det vert dramatisk og han vert sendt til Haukeland. Etter å ha blitt sydd saman vert han sendt rett til Trandum. Der vert kan strippa for kle, kledd i ein sekk og kasta hovudstups inn i ei celle. Ingen tek omsyn til at dei har med å gjere ein mann som nettopp har forsøkt å ta livet av seg. Neste dag får han eit glas vatn og ei skive med ost. No skjønar tilsette på Trandum at han er sjuk. På Ahus får han diagnosen akutt psykotisk.

Det er framleis 2017
Vi nordmenn likar å tru at vi er eit land tufta på kristne og humanistiske verdiar. Vi graderer ikkje menneske, vi trur på rettferd for alle. Vi trur på menneskerettar og nestekjærleik. Men det er 2017. Noko trugar. Nokre seier det er målstyring i politiet, andre peikar på endring i menneskesyn, verdiar og at småbrune politiske strømmingar som vi finn ute i Europa òg har bukta seg innanfor våre landegrenser. Noko er i endring. Eg er uroleg. Det vert sagt at Noreg skal vere det strengaste landet i klassen.

Konsekvensar er uansett at denne familien er i livsfare. Ei kvinne som er gravid i 5. månad, to små gutar og ein familiefar som er så redd for å reise til Afghanistan at ei pågriping fører han i psykose. Konsekvensar er at det sit ei ung mor med sine to kjære små gutar på eit avsidesliggande menigheitslokale på Stord, livredde og i dødsangst. Dette samstundes med at UNE har stadfesta til advokat at saka er under handsaming og ikkje avslutta. Det føreligg heller ikkje noko skriftleg vedtak i saka. Men politiet seier noko anna. Dei meiner familien skal ut av Noreg.

Eg spør meg om politiet kan overprøve norske myndigheiter? Kan norsk politi operere på eiga hand slik dei ser ut til å gjere i denne saka? Kan polititenestemenn føre folk bak lyset og lyge for å lokke folk ut av kyrkjeasyl? Kan norsk politi sende ut ei kvinne som er gravid i 5.månad? Kan norsk politi sende ut ein familie som står i fare for å bli utsletta? Eg spør meg om nokre menneskeliv er mindre verdt enn andre? Eg spør meg kor rettsvernet er i denne saka? Kor er omsynet til menneskerettane? Er det slik vi vil ha det i vårt demokratiske land?

Vi kan ikkje hjelpe heile verda, men vi kan og vi skal, ifølge FN sin flyktningkonvensjon og Utlendingslova kapittel 4, § 28, hjelpe dei som kjem hit og har behov for vern frå forfølging og dødsstraff. Tvangsretur i denne saka set både born og vaksne i livsfare. Menneskeliv er nemleg ikkje verdt noko i Afghanistan om familiar vert krenka. Det er det denne saka handlar om først og fremst, tvangsekteskap og retten til å gifte seg med den ein elskar. Men ho handlar òg om konvertering. I Afghanistan er det nemleg dødsstraff for å vende seg frå islam. I tillegg handlar saka om traumatiserte born og vaksne, ein liten gut på 4 ½ og ein far som begge treng heilt naudsyn psykiatrisk behandling.

Eg har eit håp om Noreg er eit land som ikkje sender folk rett i døden. Men eg har byrja å tvile. Ute i verda seier dei at vi har blitt strengast i klassen. Eg spør meg om det er noko å skryte av? Er det noko å skryte av når vi bryt med fundamentale menneskerettar og lar det offentlege Noreg lyge og føre folk bak lyset, slik at folk trur dei har eit vern som dei ikkje har? UNE seier dei ikkje har ferdig handsama denne saka. Kvifor seier då politiet noko anna?

LES OGSÅ: Protester utenfor Trandum: Afghanistan er ikke trygt. Nok er nok!

Så kva gjer vi no?
På Stord sit framleis familien på tre bak låste dører. Snart vert dei fire, og om nokre månader fem. Familiefaren vert skriven ut av sjukehuset, utan rett til vidare psykiatrisk behandling fordi tilstanden hans ikkje lenger er kritisk. To små gutar sit innelåst og kan ikkje gå ut. Redsla for det offentlege Noreg er for stor. Medmenneske går døgnvakt for å vere der for ein familie i total krise. Mine spørsmål er: Kva gjer det offentlege Noreg med dette? Er det ikkje mogleg å gje denne familien vern til saka deira får ei rettferdig handsaming? Eller er det meininga at dei skal bli verande innelåst i dødsangst og frykt for at politiet kan slå til om dei vågar seg ut?

Kommentar 10.4: Saka har fått ei ny og dramatisk vending i dag. Idet mannen i familien i dag vart utskriven frå Ahus, vart han pågripen og transportert tilbake til Trandum, trass legane si åtvaring om fare for ny psykose. Politiet vil sende han ut og seier dei vil hente resten av familien som sit i kyrkjeasyl.
Som de skjønar, hastar det å gjere noko i denne saka.

Med vennleg helsing
Solveig Johanne Grønstøl
Bømlo

KVA KAN DU HJELPE MED? Nokre lurer på korleis dei kan hjelpe familien. Det mest prekære no er å ha nok pengar til advokatutgifter. Støtt gjerne familien med å gje på konto 3520.34.31560 eller på Vipps nr 87546. Tusen takk for di støtte!

Les meir her:
Afghansk familie i kyrkjeasyl
– Umenneskelig behandling av flyktningfamilie på Stord
Familie skjuler seg i dødsfrykt
Uroleg for asylpraksis

Adjunkt, styremedlem i Bømlo krf og glødande engasjert i saker som har med menneskeverd å gjere.