Kven er det ein hjelper ved å kalle alt mogleg for «konservativ kristendom»?

Vebjørn Selbekk er sjefredaktør i den kristenkonservative avisa Dagen. I ein leiar hevdar han at Helge Simonnes, tidlegare sjefredaktør i Vårt Land, er prega av «politisk og religiøs elitisme». Sjølv promoterer Selbekk den ekstreme TV-kanalen Visjon Norge (VN): «… så Gud velsigne deg, Jan, for alt du gjør, så vi har deg lenge og du kan drive denne virksomheten lenge» (Direktesending VN 17. november 2014).

For få veker sidan erkjente VN-sjef Jan Hanvold – på eigen kanal – at han nett hadde vore med eliten innan den kristne kyrkja. (Eliten ifølge Hanvold? Nokre «apostlar» og «profetar» i USA.)

I oktober i fjor blei det blest om VN gjennom NRK Brennpunkts dokumentar «Pengepredikanten». Brennpunkt dokumenterte noko av Hanvolds særeigne omgang med pengar, og viste klipp frå møta med Guillermo Maldonado i mai. Maldonado er ein honduransk predikant busett i Miami. Han kom til Norge i eige fly … og preikar gjerne om at du òg skal få materiell suksess.

Det blei også litt leven i 2015, då Dagen og NRK dekka Vision Norges «velsigning mot betaling». Blant dei som det året tok avstand frå slik forkynning, var den (no avdøde) kristenkonservative leiaren Anfin Skaaheim. Dét gjorde han i eit intervju i Vebjørn Selbekks avis.

Kanskje strekker litt av spenninga mellom Selbekk og Helge Simonnes seg tilbake til same året. I 2015 gjekk det nemleg ein debatt om fundamentalisme og ordbruk. Helge Simonnes skreiv noko eg trur Selbekk eigentleg er samd i – isolert sett: «Tek ikkje kristne med tradisjonelle standpunkt til motmæle mot fundamentalistar i alle leirer, vil det slå tilbake på alle kristne.»

Ordet elite kjem av franske élire, «å velje ut». Det norske ordet elite kan tyde ei gruppe som blir rekna for dei førande i samfunnet. Ein kan til dømes snakke om ein politisk elite eller ein åndselite.

I miljøet til Jan Hanvold og Finn Jarle Sæle, sjefredaktør for avisa Norge IDAG, er det vanleg å snakke om seg sjølve som særskilt utvalde. Som «dei Gud bruker i endetida».

Sæles assisterande redaktør, Bjarte Ystebø, er hovudansvarleg for arrangementet Oslo Symposium. Fleire er blitt kjent med han i det siste. Media har omtalt årets «symposium» mykje, og Ystebø har deltatt i Dagsnytt Atten og Debatten på NRK. Han kan verke som ein reflektert kristen med ei høfleg framferd. Like fullt har han lenge terpa på begrep som «avkristning» og «aggressiv plan om å jage kristendommen», og altså jobba for og med Finn Jarle Sæle. Og med Jan Hanvold, som på liknande vis pratar om «sekulærfundamentalistar». Både i mediearbeid og politisk arbeid har Ystebø stått skulder til skulder med desse to.

På Oslo Symposium 2017, no i mars, heldt Vebjørn Selbekk ein av talane. Han snakka om forfølging av kristne. Mange av Symposiets sentrale figurar ser knapt skilnad på presseomtale og forfølging. Nokre av dei har mest håna verkeleg forfølgde kristne, gjennom å kalle seg «krossfesta» av media. Om Selbekk fekk lært desse folka noko, er det flott.

Men før han kom så langt, ville han kritisera Helge Simonnes: Simonnes er blitt «for fin» for Oslo Symposium, sa Selbekk. Som nærmast konkluderte med at Sæle & Hanvolds fanklubb utgjer grasrota i kristenfolket.

Dagen-sjefen må mest ha visst at ei mengd Hanvold-disiplar sat i publikum. Og han bør vite, òg frå eigne dialogforsøk, at mannen ikkje er ein audmjuk fyr på grasrota. Hanvold skryt ofte av arbeidet sitt og kven han (hevdar at han) kjenner. Mange av tilhengarane blir smitta av brautinga.

Elitisme kjenneteiknar ikkje Helge Simonnes, slik Vebjørn Selbekk hevdar. Den pregar derimot Ystebø-sjef Finn Jarle Sæle, som ikkje forklarer ting når eg utfordrar han til dette. Dette er typisk for fleire i same miljøet. Dei ignorerer ei rekke innvendingar og spørsmål. Det minner ein smule om oppførselen Sæle m/følgje skuldar «meiningseliten» for.

Det er ikkje opplagt kva haldning Vebjørn Selbekk har til firkløveren «Kristenfolket»/Norge IdagKristenKoalisjon»/Visjon Norge. Under årets Symposium skamroste han denne gjengen til Sæle, Hanvold, Jan-Aage Torp og Bjarte Ystebø. Eg er redd dette bidrog til at fleire kristenkonservative blir stempla som ytterleggåande.

Vi er mange som har sett på Vebjørn Selbekk som ein skarp, danna, konservativ kristen. Truleg er eg heller ikkje aleine om no å bli usikker på kva han står for. Då har eg meir respekt for to kjende kristenkonservative som er skeptiske til «Symposiet» – Rolf Kjøde og Espen Ottosen. Dei set ei klar grense mot farlege krefter. Rett skal for så vidt vera rett: Det same gjorde Selbekk då han i 2015 refsa Douglas Lilley og Jeremy Hoffs domsteologi. Læra gjekk ut på at 22.7.-tragedien hadde samanheng med norsk israelspolitikk …

Men nokre månader etter – vel inne i 2016 – blir Vebjørn Selbekk med på promovideo for privatflyapostel Guillermo Maldonado. Med dét hjelpte han Jan Hanvold å spinne myten om ei særs tverrkyrkjeleg, fleirkulturell hending. Ein kristen, Lemma Desta, sa mykje klokt i ein kommentar under videoen: 

VN-pastor Geir Apold har fortalt at han drog litt i Jan Hanvold for å få Maldonado til Norge i fjor. Deretter satsa Hanvold & co. Det var ikkje eit felleskyrkjeleg initiativ. Eit slikt handlingsmønster har VN hatt i årevis: Først satse stort, deretter seie at andre må bli med.

No skurrar altså Selbekks signal igjen. Han refsar Simonnes, både på trykk og i tale, for «elitisme». Samtidig gir han ein slags kristenkonservativ legitimitet til Sæles og Hanvolds elitisme og besserwissen.

Fundamentalismen øydelegg for konservative kristne, og for bodskapen om Jesus. Kristne bør få ro til å bygge forsamlingar ut frå sin religiøse ståstad, utan grafsing frå ein slags mutasjon av «Tea Party» og «trumpisme» med innbakt åndeleg elitisme. Utan økonomisk samspel med Forum kino-folka i Bergen.

Kristen-Noreg har eit problem: Ei rørsle prega av falske nyhende og fordommar bruker Gud og medmenneske – også konservativt kristne – i propagandaen sin.

Det er trist at Selbekk, med sin posisjon, viser samhald med eit miljø mange erfarer som fundamentalistisk. Han kan ha gode intensjonar, men han skaper forvirring. Korleis skal vanlege folk no sjå skilnad på konservativ kristendom og kristenfundamentalisme?

Av og til bør ein sette merkelapp på nokre få – for å unngå at andre set same etiketten på mange. For å peike på at visse aktørar gjer skade på langt fleire enn seg sjølve. At dei får definera og influera meir enn rett er. Eller er det å markera grenser mot fundamentalisme – og mot stygt språk frå enkeltpersonar – «politisk korrekt»? Eller kanskje «venstrevridd»?

Sjefredaktør Selbekk bør vite at Sæle-gjengen ikkje berre «ønsker seg en sentrum-høyre-regjering i Norge». Dét må det jo, som Selbekk skriv, «være helt greit å kjempe for». Ystebø-, Sæle- og Hanvold-leiren spreier fordommar mot sosialistar, men også mot norsk høgreside. Jan Hanvold, 15. august i fjor:

«(…) Norge har masse blod på henda, fordi at vi har gitt milliarder på milliarder av kroner ned til Hamas – på Gaza-stripen -, som har én ting i sitt charter; det er å kaste jødene på sjøen. Og drepe dem alle sammen. Dette er den norske regjering med og støtter. Og vår utenriksminister Brende, han er av samma ulla som sin forgjenger; de støtter terror. De sier ikke dét, selvfølgelig, men dette her går da til terrorisme, disse penga» (Direktesending, VN).

Avisa Dagen har gjort mykje bra – òg ved å sette eit par grenser mot fundamentalisme. Like fullt har dei av og til gitt handslag til usunne miljø. Kor går grensa for sjefredaktør Selbekk, som smigrar Oslo Symposiums konspirasjonsteoretiske krumtappar?

Kjære Vebjørn Selbekk: Ta litt sjølvkritikk. Og har du ikkje lese Helge Simonnes’ bok En Gud for de mange, gjer dét! Ho er ei fint lite elitistisk bok.

Etter at innleggsforfatter sendte teksten sin til Radikal Portal, har avisa Dagen – på lederplass – vært tydelig kritisk mot honorarnivået til en del amerikanske karismatiske predikanter. (Se http://www.dagen.no/dagensdebatt/lederartikkel/LEDERARTIKKEL/Usunn-honorarpraksis-461877).

Teksta er basert på eit innlegg på bloggen «Sigmund says» i mars 2017

For fordjuping:

Arrangementet Oslo Symposium på YouTube

Norge Idag-redaktør Bjarte Ystebø på NRK i 2013: Aktuelt hos Ole Torp

Oslo-prost Trond Bakkevig i debatt med Bjarte Ystebø 06.03.2017: Dagsnytt Atten

Om Anfin Skaaheim i Store Norske Leksikon

NRK Brennpunkt v/journalist Bjørn Olav Nordahl m.fl.: Pengepredikanten (lang artikkel)

Sigmund Ådnøy er tobarnsfar på Jæren. Oppvaksen på Madagaskar og Ås (Follo). Medlem av Noregs Mållag. Har deltatt mykje I debatt om Visjon Norge og liknande verksemd. http://sigmund.blogg.no