I skulepolitikk blir det ofte sagt at det er eleven som skal stå i sentrum. «Eleven i sentrum» er innlysande viktig, men samtidig uforpliktande og innhaldslaus. Kva betyr det at eleven er i sentrum?
AV: Torill Eide, Gunhild Nohre-Walldén, Kathrine B. Granlund og Maren Gjerdåker på vegne av Foreldreopprør i Osloskolen.
Foreldreopprør i Osloskolen er partipolitisk uavhengig, men likevel glad for maktskiftet i Oslo denne hausten. Skulepolitikken i Oslo har vore flaggskipet til Høgre, med tvungen standardisert undervisning, drilling til prøver, aktive lojalitetskrav og fokus på det kvantifiserbare som hovudkjenneteikn. Politikken ser ut til å ha blitt eit prestisjeprosjekt som «gjennomførast skal», uavhengig kritikk og uheldige resultat. Vidare styrkar skulepolitikken til Høgre tendensen der profesjonane og den profesjonelle misser makt og innflytelse på eige fagområde, medan den politiske styringa aukar. Politisk styring treng sjølvsagt ikkje vere eit onde, men når fagfolket opplev at tiltak og reformar ikkje er i samsvar med faglege innsikter, er det all grunn til å vere kritisk. Og når 67 prosent av rektorar og skuleleiarar seier at det er mindre, liten eller ingen grad av aksept for at dei kan uttrykke seg kritisk i offentligheita til utdanningspolitikk/prioriteringar innan skulen utgjer dette eit totalbilde som er skremmande og demokratisk djupt problematisk.
Testingen – ein besettelse
I den politiske debatten blir nasjonale og internasjonale kritiske stemmer – om det er foreldre, lærarar eller fagfolk – avfeia, ignorert, bagatellisert eller redusert til enkeltsaker. Foreldreopprør i Osloskolen ynskjer å syne at vi som kritiserer dette systemet både er kompetente og at vi er mange: norske foreldre som ser at barna utviklar skulevegring, helsepersonell som melder om eit system som skapar stress og gjer elevane sjuke, foreldre i New York som demonstrerer mot fokuset på testar, ein rektor frå Stjørdal som vert refsa for (skule)kritisk lesarinnlegg, kritiske lærarar i Sandefjord som vert truga med oppseiing, lojalitetskrava ved Haugerud og lærar Rebekka Tiffin som blei pålagt å jukse, på den måten at elevane hennar måtte både øve på prøver og gjennomgå fasiten før den reelle kartleggingsprøva. Lily Eskelsen García (president i verdens største fagforening for lærere) skildrar dagens nivå av testing som ein besettelse.
LES OGSÅ: Samlebåndsskolen gir frafall
Gjer ting som strider mot det som er best for barna
Døma over kan sjølvsagt vere enkelttilfeller, men vi opplev likevel at det er all grunn til å ta desse konkrete døma på alvor. Om vi ser til helsesektoren, er parallellane slåande: Helsetenesteaksjonen protesterer mot mange av dei same utviklingstrekka som Foreldreopprøret ønsker sette fokus på. Tilsvarande finn vi likskapar i barnehagesektoren: ein av tre barnehagelærarar seier dei er pålagt å gjere ting dei meiner strider mot det som er det beste for barna. Og om vi ser til fagfolket, er scenarioet så å seie forutsett: I boka «Profesjon og kritikk» av redaktørane Bernt Andreas Hennum (høgskolelektor i pedagogikk), Mari Pettersvold (førsteamanuensis i sosiologi ) og Solveig Østrem (professor i pedagogikk) blir mange av dei uheldige utviklingstrekka knytt direkte til mål- og resultatstyringa Osloskulen bygger på. Vidare peikar professor i pedagogikk, Gunn Imsen, gjentatte gangar på dei uheldige sidene av dagens skulepolitikk, og doktorgradsforskinga til Pernille J. Berg peikar mot at til styringsforma til Oslo fungerer dårlegast av dei undersøkte.
Vurderer seg sjølve med smilefjes og surefjes
Foreldreopprør i Osloskolen ser ei rekke teikn til at eleven ikkje står i sentrum i dagens Osloskule. Det å plassere opp mot 30 små barn i same klasserom, gjer arbeidet til læraren vanskeleg og det gjer læringa til elevane vanskeleg. Vidare kan ikkje økter med 90 minutt TIEY-undervisning (1. -4. klasse) eller økter i andre klasse på 150 minutt utan pause vere optimalt for barnet. Vi vil påstå at slike storleikar på klassane, eller slike lange økter er å sette økonomi og sparing i sentrum. Slike store klasser, og slike lange økter er ikkje å sette barna i sentrum. 17 kartleggingar av førsteklassingane eller 22 kartlegging av niåringar rimar ikkje med sunn fornuft, og vi kan ikkje sjå rasjonalet for å be barna vurdere seg sjølve med smilefjes eller surefjes. Vi har ikkje svaret på kva som kjem i sentrum med denne type praksis, men det er ikkje å sette barna i sentrum.
Gjennomgang av testregimet
Foreldreopprør i Osloskolen håpar den nye gruppa politikarar som skal styre Oslo tar eit tydeleg oppgjer med dagens mål- og resultatstyring, og vil sjå på situasjonen i Osloskulen generelt. Vi er glade for at SV og MDG vil ha ein grundig gjennomgang av testregimet, og vi ventar at dei får med seg AP til verkeleg å sette eleven i sentrum.