— Vi skal yte motstand overalt og gjere Kobanê til eit helvete for IS!
Meryem Kobanê, ein av leiarane i forsvarsstyrkane, kom med denne erklæringa 2. oktober 2014. Da hadde den tungt væpna IS-hæren vori på offensiven i 17 dagar. Dei hadde rykka raskt fram, med tusentals soldatar, tungt artilleri, rakettar og tanks.
Svein Olsen frå Rødt Bodø og eg las denne erklæringa da vi stod nokre hundre meter nord for byen, på andre sida av den tyrkiske grensepiggtråden. Partileiinga i Rødt bad oss reise til Kobanê, både for å vise solidaritet med dei som slost mot IS og for å samle kunnskap. Vi kom ikkje lenger enn til det tyrkiske grensegjerdet. Frå grensa er det eit par steinkast bort til dei nærmaste husa i Kobanê. I den første veka i oktober såg vi korleis IS rykka fram. Vi høyrde eksplosjonane og såg brannane etter rakettnedslaga. Samtidig høyrde vi den lette knitringa frå kalashnikovs når forsvararane skaut tilbake. Kalashnikov mot rakettar og tanks er ein ulik kamp. Der og da var eg sikker på at IS kom til å erobre byen, og dermed drepe kvar einaste av forsvararane og dei mange sivile som var der.
Forsvarsstyrkene er organisert i YPG og YPJ. YPG betyr folket sine forsvarsstyrker og omfattar alle. YPJ er kvinnene sine forsvarsstyrker.
Kobanê igjen ein fri by
IS rykka i oktober fram mot sentrum av byen etter at rakettar og artilleri hadde øydelagt dei tre sjukehusa, høgskolen, rådhuset og store delar byen. Forsvararane i YPG og YPJ forsvarte seg frå hus til hus. IS-soldatane fekk oppleve at erklæringa frå Meryem Kobanê var meir enn tomme ord. Kobanê vart verkeleg eit helvete for IS. YPG og YPJ stoppa IS-framrykkinga. Med store tap måtte IS trekke seg tilbake på fleire av frontavsnitta i byen.
I januar kunngjorde YPG/YPJ at Kobanê igjen var ein fri by. I dei nesten tre månadene som har gått, har dei drivi IS ut av meir enn 150 landsbyar og frigjort fleire byar i Kobanê kanton. Meir enn 40 000 flyktningar har reist heim igjen.
Situasjonen i dag er at Leger utan grenser har starta gjenoppbygging av eitt av sjukehusa i Kobanê. Snart skal sjukehuset vere i drift med 13 senger. Men stort sett står dei som skal bygge opp byen igjen, utan hjelp frå utlandet. Her er Norge på linje med USA og EU.
Frå oktober fekk forsvarsstyrkane i Kobanê ei viss hjelp frå amerikanske bombefly. USA bomba dei punkta der YPG/YPJ ba om det. Bombene ved frontlinja i Kobanê drap og skada IS-soldatar utan å ta sivile liv.
Dette var noko heilt anna enn den temmeleg vilkårlege bombinga USA-alliansen gjennomførte i andre delar av Syria. Den bombinga har tatt mange sivile liv og styrka rekrutteringa til IS.
Status i dag: Nesten heile Kobanê kanton er frigjort. Det er framleis harde kampar mellom IS og YPG/YPJ lenger aust i det sjølvstyrte kurdiske området.
Eit nytt, demokratisk styresett
Syria er på mange vis som eit lappeteppe. Ulike språk. Ulike religionar. Ulike kulturar. Slik er det og i andre land i Midtausten .
Kobanê er den midtre delen av Vest-Kurdistan. Rojava er det kurdiske namnet. Da Assad-regimet i 2012 flytta eigne militære styrkar til andre delar av Syria, gjekk PYD (Partiet for ei demokratisk løysing) i spissen for å bygge opp styringsråd i Rojava. PYD, som vart oppretta i 2004, har i hovudsak same ideologiske grunnlag som PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet), som vart danna 26 år tidlegare.
Styringsråda i Rojava vil ikkje ha ein eigen stat. Dei godtar statsgrensane slik dei er. Fram til no har dei delt Rojava i tre kantonar, som alle ligg inntil statsgrensa mot Tyrkia. Namnet er lånt frå Sveits. Cizîre kanton er lengst i aust, Kobanê i midten og Afrin lengst i vest, ikkje så langt frå storbyen Aleppo. Fleirtalet av befolkninga er kurdarar. Men arabarar, armenarar, tsjerkessarar og andre minoritetar har same rett til å delta i styringa. Styringsråda er sekulære, og behandlar alle religionar likt: Shia- og sunni-muslimar, assyrarar, andre kristne retningar, jødar, jezidiar og så vidare. Jezidiane vart kjend i Europa etter IS-massakrane i Sinjar-fjella i august 2014.
Styringsråda har delt leiarskap. Det betyr at ei kvinne og ein mann deler leiarvervet. PYD har same ordninga i sin eigen organisasjon.
Mest muleg skal avgjerast av dei som er nederst og nærmast. På norsk kan vi kanskje kalle det utvida folkestyre nedafrå.
Rapporten frå ein internasjonal akademikardelegasjon som var i Rojava i desember 2014, kan du lese her.
Ein ny modell for Midtausten?
Mange stiller i dag dette spørsmålet: Kan Rojava-modellen utviklast og brukast i heile Syria? Og i andre fleirkulturelle statar i Midtausten?
Herskarsjikta mellom anna i Saudi-Arabia og Qatar ser dette som eit trugsmål. President Erdogan i Tyrkia ser òg at folkestyre etter Rojava-modellen er eit farleg trugsmål mot den tyrkiske statsideologien: Eitt land, eitt folk. Og farleg både for hans eigen maktposisjon og for dei tyrkiske generalane. Eit tiår med framgang i Rojava, kan smitte over til land etter land.
I denne situasjonen har al Nusra og IS vorti nyttige verkty. Oppbygd med hundretals millionar frå mellom anna Saudi-Arabia, slik visepresident Joe Biden i USA hevdar. Tyrkia har sia 2012 gitt allsidig hjelp til ulike væpna grupper i Syria som har ført krig for å øydelegge det nye demokratiet i Rojava. I Cizîre såg eg for to år sia skader etter rakettåtak frå den tyrkiske sida av grensa. I grensebyen Serekaniye hadde ein rakett frå tyrkisk side gått tvers gjennom ei skolebygning. Skolen låg nokre hundre meter frå grensa.
Mykje av våpentransporten har gått via Tyrkia. I februar 2013 påviste New York Times nærmast ei luftbru med våpen til Tyrkia, og så trailerfrakt til jihadist-grupper og andre i Syria. Tyrkia er det store innreiselandet for IS-krigarar frå andre delar av verda.
LES OGSÅ: Den sosiale revolusjonen i Rojave
Ny oppdeling av Midtausten?
Sigerherrane i den første verdskrigen delte Midtausten mellom seg. England og Frankrike trekte opp nye statsgrenser. Kurdistan, det vil seie området der kurdarane er i fleirtal, vart delt mellom Tyrkia, Iran, Irak og Syria. Omveltningar i statane i dei neste 80-90 åra endra ikkje statsgrensene.
No er det ein ny situasjon. Dei sekteriske krigane som vart utløyst av den amerikanske Irak-invasjonen i 2003, har ikkje berre øydelagt den samfunnsmessige infrastrukturen i Irak og Syria. Det vi ser i dag, er òg krig for ei nyoppdeling av Midtausten.
Dette er ein del av bakteppet for den oppsiktsvekkande oppbygginga av sjølvstyresystemet i Rojava dei siste tre åra.
LES OGSÅ: Syria og Irak – kort om situasjonen august 2014
Historisk samarbeid i kampen mot IS
Da IS i allianse med diverse klans- og militsgrupper rykka inn i Mosul, i jezidibefolkninga sitt område i Sinjar og i delar av Den kurdiske regionen i nordlege Irak, stilte PKK sine geriljastyrker frå Kandilfjella opp side om side med den Den regionale regjeringa sine peshmergas. PKK har sia 1990-talet hatt kontroll med sit stort område i Kandil, i grenseområda mot Iran og Tyrkia.
President Mesud Barzanî retta ein offentleg takk til PKK-geriljaen og sa dei var avgjerande for å stanse IS mellom anna ved byen/flyktingeleiren Mahmur, eit par timars biltur sør for den regionale hovudstaden Hewler (Erbil på arabisk). Ein ven av meg, som ikkje tilhøyrer PKK, men er godt orientert om Den kurdiske regionen, sa at det var PKK-geriljaen som stansa IS-framrykkinga da dei var nær ved å erobre flyplassen i Hewler.
Sjølvforsvarsstyrkar frå YPG/YPJ åpna ein korridor frå Sinjar til Rojava og berga tusenvis av jezidiar. Jezidiane har ein gammal religion som IS definitivt ikkje godtar.
Seinare sende Den kurdiske regionale regjeringa 2-300 peshmergas og tunge våpen til forsvarane i Kobanê. Dei nye våpna vart viktige i forsvaret. Peshmerga-innsatsen var viktig politisk.
Både president Mesud Barzanîs Kurdistans demokratiske parti (KDP) og det andre regjeringspartiet Patriotisk Union Kurdistan (PUK) har fleire gonger dei siste 20 åra send sine peshmergas i krig mot PKK-geriljaen. Da eg møtte Barzanî i 1998, uttala han seg svært hatsk om PKK. Krig mellom kurdarar har vori lite populært i sivilbefolkninga i Den kurdiske regionen. Den felles innsatsen mot IS er noko heilt nytt som gir håp for framtida.
USA si rolle i dei nærmaste åra
Dei amerikanske flyåtaka i Sinjar-området i august 2014 og langs frontlinja ved Kobanê frå oktober, svekka IS militært og styrka den kurdiske bakkekrigen mot IS. USA ser framleis på både PYD i Rojava og PKK som terroristar. Frå oktober fekk vi likevel den uvanlege situasjonen at det amerikanske hovudkvarteret innretta flyåtak etter dei kartkoordinatane dei mottok frå «terroristane» i Kobanê. Svein Olsen og eg såg litt av verknaden frå dei aller første flyåtaka.
Eg trur ikkje dette endrar USA sitt strategiske mål om å oppretthalde alliansen med mellom anna Saudi-Arabia og Tyrkia, knuse PKK militært og politisk og å etablere eit amerikansk hegemoni i størst muleg del av Midtausten.
Onsdag 11. mars sa senator Rand Paul – som ønskjer å bli republikansk presidentkandidat neste år – til amerikansk presse at han er for ideen om å skape eit nytt land for kurdarane, til gjengjeld for innsatsen dei har gjort i kampen mot IS: «I think they would fight like hell if we promised them a country”, sa Paul. Han nemnte berre peshmergas, og understreka at det ikkje er nok å seie takk for innsatsen: “But I would go one step further: I would draw new lines for Kurdistan and I would promise them a country.” Det han snakkar om her, er Den kurdiske regionen i Irak. Dette betyr og ei varig deling av staten Irak.
Da USA spelte «det kurdiske kortet»
Klanleiaren Mele Mustafa Barzanî, som var far til Mesud Barzanî, har ei legendarisk rolle rolle i kurdisk historie. I 1946 var han militær øverstkommanderande i den første kurdiske republikken i Mahabad. Fram til 1975 var han både politisk og militær leiar for kurdisk motstands- og frigjeringskamp i Sør-Kurdistan. Dei slost mot regimet i Bagdad. Dessverre satsa han meire på alliansar med andre statar enn på sitt eige folk. Frå 1972 til 1975 fekk han omfattande militær hjelp frå ein uvanleg allianse mellom USA, Israel og Sjah-regimet i Iran. Peshmergas fekk mellom anna tunge våpen som var produsert i daverande Sovjetunionen og erobra av Israel under seksdagarskrigen i 1967.
USA braut samarbeidet i 1975 og gjorde i staden ein avtale med Saddam Husseins regime i Bagdad. Ein granskingskommisjon som den amerikanske kongressen oppretta, oppsummerte i 1976 korleis president Richard Nixon og utanriksminister Heinz «Henry» Alfred Kissinger hadde spelt «det kurdiske kortet.» Kongressmedlem Otis G. Pike var leiar for kommisjonen som hadde til oppgåve å granske ulovleg CIA-aktivitet.
Pike-kommisjonen omtalar Barzanî og kurdarane som ”klientane våre”. Kommisjonen hevder at Nixon og Kissinger helt bevisst brukte det kurdiske kortet for å styrke den iranske sjahen sin forhandlingsposisjon overfor Irak. Rapporten slo fast at ”presidenten, Dr. Kissinger og sjahen håpa at klientane våre ikkje skulle sigre.» Dei ville berre at Barzanî skulle slåst på eit nivå som var nok til å svekke Irak i grensekonflikten med Iran. Kommisjonen slo fast: «Dette synet ble ikke meddelt til våre klienter, som ble oppmuntret til å fortsette å kjempe. Selv når en ser det i forhold til andre hemmelige operasjoner, var dette et kynisk foretagende.”
Pike-rapporten siterer dokument som i detalj viser korleis USA overfor Barzanî hadde oppført seg som ”en garantist for at opprørerne [kurderne] ikke skulle bli latt i stikken”.
Du kan lese meire om samarbeidet USA-Israel-Iran-Barzanî på sidene 182 til 189 i Kurdistan – om fortid, folk og framtid. Utgitt i 2002 av Tapir Forlag.
Dette var amerikansk politikk for 40 år sia. Midtausten er annleis i dag. Sjølv om USA er kraftig svekka, kan ikkje skjøne at USA sine strategiske interesser er vesentleg forandra. President Mesud Barzanî er som nemnt sonen til Mele Mustafa Barzanî. Han har vori politisk og militær alliert med både Bagdad under Saddam og med Tyrkia.
Dei nærmaste åra
Sjølvstyreråda i Rojava er ein ny type demokrati nedafrå. Dette systemet utfordrar herskarane i nabostatane utan å kreve endringar i statsgrensene. Viss ikkje Rojava-systemet blir knust, kan det bli ein modell for andre.
ANF-news har bakgrunnsstoff og daglege meldingar på kurdisk, tyrkisk, arabisk og engelsk. Den engelske versjonen finn du her.
LES OGSÅ: Et radikalt kurdisk demokratieksperiment trues nå av ISIS sin fremmarsj
Bra skrevet. Personlig mener jeg at mangel på en kurdisk stat er en større tragedie en mangel på en Palestinsk, og venstresidens besettelse av Palestina har gjort at kurdere har måtte lide i årevis.