Dei lågtlønte i Seattle får løna heva med meir enn 60 prosent. Det er Kshama Sawant si forteneste. Ho er den første folkevalde sosialisten i Seattle sidan 1916. ”Det er vanskeleg å komme på nokon like stor siger som er vunnen på så kort tid”, seier ho til Dagens ETC.

Tekst og intervju av Christopher Pastorella, Dagens ETC

I desember 2013 blei ho vald til bystyret i Seattle ved å sigre over ein demokrat som hadde site som representant i nærare to tiår. Men kva kan ein einskild sosialistisk politikar oppnå? Kshama Sawant har gjort det meste ut av tilliten. På berre eitt år har ho rukke å få byen til å heve minimumsløna frå tilsvarande 75 kroner/time til 125 kroner. Vedtaket gjeld frå 1. april. Initiativet blir ønskt velkommen av president Barack Obama, medan næringslivet – blant andre McDonald’s – har lagt inn ei stevning mot Seattle. Dessutan har Sawant stoppa ei sjokkheving av husleigeprisane Seattle, og har også fått igjennom eit bidrag på 800 000 kroner til ein teltleir som heimlause har oppretta.

– I løpet av seks månader hadde vi fått igjennom ei lov om kraftig heva minimumsløn. Tre milliardar dollar (om lag 24 milliardar kroner) kjem til å gå frå eigarane til dei som jobbar. Det er vanskeleg å komme på nokon like stor siger som er blitt vunnen på så kort tid, seier Sawant.

LES OGSÅ: Borgerlønn – fridom for kunsten

Sawant reiste frå India for snart ti år sidan, med kurs for Seattle på den amerikanske vestkysten. I den nye heimbyen hennar vart ho slegen av klassemotsetnadene og dei vanskelege tilhøva mange levde under. Ho bestemde seg for å lese nasjonaløkonomi. I 2008 deltok ho på ein konferanse der ho høyrde ein sosialist tale, og då fall poletten ned. Ho klarte ikkje å bli vald inn i representanthuset i delstaten Washington i 2012, men året etter klarte ho å bli vald inn i bystyret i Seattle.

Dette er eit resultat som har vekt merksemd ikkje berre hjå amerikanske medier, men òg hjå medier ikkjernasjonalt. Tross alt er ho den første folkevalde sosialisten i Seattle sidan 1916.

Korleis kunne ein sosialist vinne eit val i USA? Kvar kom dette ifrå?

– Det har skjedd massive endringar i USA gjennom dei siste tiåra, om ein ser på levestandarden for vanlege arbeidarar rundt i heile landet. Dei store bankane held fram med å kassere inn rekordavkastningar og -bonusar til tross for redningspakkar, og til tross for at det var dei same bankane som sjølv skapte denne krisa. Samtidig har vanlege arbeidarar blitt kasta ut av heimane sine, og mange mister jobbane. Den økonomiske oppturen som vi nå byrjar å sjå ein del av, er ein opptur utan glede. Og dei unge! Dei kliv inn i ein arbeidsmarknad som mest består av låglønsjobbar, samstundes som dei har drege på seg hundretusentals kroner i studielån som dei betaler ekstremt høge renter på. Ein kombinasjon av alt dette har generert sterk tvil når det gjeld det amerikanske samfunnet. Occupy-rørsla var eit uttrykk for dette. Folk stilte spørsmål ved uretten. Ser ein på nasjonale meiningsmålingar i dag, er folk i alderen 18–29 år åpne for sosialisme og kritiske til kapitalen.

Du nemner Occupy. Korleis påverka den rørsla dine sjanser i valet?

– Occupy Seattle var svært viktig for min organisation Socialist alternative, som for øvrig har greiner over heile USA. Under Occupy la vi verkeleg grunnlaget for kampanjen vår. Det var den første rørsla som lokka ut masser av unge, som fram til då hadde vore politisk uengasjerte, men som byrja å diskutere det amerikanske systemet. Samstundes vart meir basale spørsmål stilt: Fungerer kapitalismen i det heile teke? Kva har vi å sjå fram til? Alt dette låg i sentrum for det Socialist alternative jobba med. Seinare, då Occupy byrja å tone ut, blei bodskapen: ”Occupy er slutt, nå er det presidentval, på tide å bite i hop tennene og fokusere på å sikre at Obama vinn.” Men vi såg at sjølv om dei fleste kjem til å stemme på Obama igjen, på grunn av manglande brukbare alternativ, så gjenstår alle desse spørsmåla. Og det blei ein perfekt augneblink for oss å vise fram eit verkeleg alternativ til topartisystemet. Korleis ser ein ekte arbeidarkampanje og -kandidat ut? Korleis slåst ein for ungdommar, for arbeidarklassa, for sosial rettferd? Vi viste det under kampanjene våre, både i 2012 og 2013.

LES OGSÅ: Kvinneorganisasjoner drev frem et regnskap for ulønnet hushooldsarbeid

Trur du at du kunne ha vunne nokon annan stad i USA enn akkurat i Seattle?

– Det ville vore latterleg å late som om det ikkje rår store skilnader mellom ulike deler av USA. Seattle er meir venstreorientert. Seattle har til dømes gått i bresjen for likekjønna ekteskap. Men det går visse raude trådar gjennom heile USA, som at arbeidande menneske står langt til venstre for dei politiske alternativa som vanlegvis blir tilbode i vala. Dei fleste amerikanarar vil ha arbeid, helsestell, førskular og trygge bustadområde. Vår kampanje vekte eit skjult sinne. Vi køyrde ein balansert kampanje som var grunna på å auke minimumsløna. Ingen annan politikar i Seattle hadde rørt denne saka i det heile teke. Vi fekk ein kraftig respons frå medborgarane, fagforeiningane slutta seg til, og styrken vår auka til kokepunktet. Politikarane såg seg tvunge til å uttale seg i saka, sjølv om dei eigentleg representerer selskapa og ikkje folket. Til og med borgarmeisterkandidaten uttrykte si stötte for 125 kroner/time under sluttspurten, men det var eine og aleine på grunn av den rørsla vi klarte å byggje opp.

Det høyrer ikkje nett til det vanlege at sosialistar blir valde i USA.

– Det er ein spanande augneblink i den amerikanske historia det vi nå opplever. Dei som er fødde på 80- og 90-talet vaks ikkje opp under skuggene av den kalde krigen. Difor er dei ikkje fullt så indoktrinerte om den ”vonde sosialismen”. Faktum er at dei ikkje er så selde på kapitalisme, for dei får ikkje ut så mykje av han. Mange strevar med låge løner og høge husleigekostnader. Dei har gjort alt rett, dei har studert og har fått bra karakterar, men likevel kjem dei til å bli snytt for den middelklassestandarden som foreldra deira har opplevd. Dette veit dei, og difor stiller dei spørsmål ved kapitalismen. Når eg seier åpent at eg er sosialist, blir det mislikt av etablissementet, men dei menneska som er målgruppa vår blir tvert om nyfikne på den einaste kandidaten som arbeidde for 125 kroner/time og som lova å berre ta ut ei vanleg årsløn på 325 000 kroner og donere resten, 635 000 kroner, til eit solidaritetsfond. Frå dette fondet bidrar vi til andre rettferdskampanjar, spesielt for arbeidarar og ikkje-kvite.

Det finst ei gruppe hatske høgreekstreme i USA. Har dei ikkje anstrengt seg for å omtale deg som ein samfunnsfare?

– Jo, definitivt, men det har ikkje vore den ekstreme høgresida, men Demokratane og näringslivet sitt establishment som har prøvd å isolere meg. Det byrja under kampanjen min, då det vart snakka om privatlivet mitt og min sivilstand. Men det fekk faktisk motsett effekt. Folk opplevde angrepa som sexistiske. Vår respons var at vi ikkje trur på ideen å sverte motstandarar. Vi ser det som eit forsøk på å avlede veljarane og skape politisk apati. Eg vil heller prate politikk.

Nå debatterer USA både miljøspørsmål, som fracking, og politivald mot svarte medborgarar, som i Ferguson. Deltar du sjølv på nokon måte?

– Utan tvil! Eit eksempel eg kan nemne er kampanjen Black lives matter som starta i Ferguson med desse modige aktivistane. I Seattle har den rørsla vakse fort hjå svarte og andre ikkje-kvite medborgarar, og vi har stått i forgrunnen og vist vår solidaritet. I King County, fylket der Seattle ligg, har ei anna konflikt blussa opp avdi ein vil bruke 1,7 milliarder kroner på eit nytt ungdomsfengsel. Dette har vekt sterke reaksjonar, unge menneske vil heller investere i skular og motverke fattigdom og ulikskapar. At eg er den einaste i bystyret som har stått med dei og röysta mot dette forslaget, er eit konkret eksempel på korleis min posisjon kan nyttast for å stø alle moglege likestillingsrørsler.

Naomi Klein skriv i si nyaste bok at kapitalismen må avskaffast. Kva meiner du?

– Om ein gjer ei logisk analyse på korleis kapitalisme fungerer og vidare spør seg: Er det mogleg å eliminere fattigdom og opprette ein grei levestandard for alle menneske samtidig som ein vernar om miljøet i eit kapitalistisk system? Svaret er nei. For det er ikkje målet med kapitalisme. Målet til kapitalismen er å maksimere avkastninga for dei som eig ressursane på planeten. Til tross for at vi nå har enorme formuer og har oppnådd eit ufatteleg teknologisk nivå, kjem vi ikkje til å kunne unnvike verken auka skilnader eller ei klimakatastrofe. For korleis skal vi kunne overtale dei 90 storselskapa som ber ansvaret for den største delen av koldioksidutsleppa til å stille om til fornybar energi? Om dei hadde meint å stille om, hadde dei alt gjort det. Så den einaste måten er at vi vanlege medborgarar blir gitt ein demokratisk rett til desse ressursane. Og den sorten demokratisk eigarskap er umogleg i eit kapitalistisk system.

LES OGSÅ: Borgerlønn – tiden er inne

Her i Europa har Syriza sin framgang i det greske valet fått mykje merksemd. Kva er din reaksjon?

– For ein fenomenal siger for Syriza! Eit tydeleg signal om at det greske folket bestemt avviser den moralsk bankerotte tilstrammingspolitikken og nå har krevd eit alternativ. Denne sigeren bør vera eit stridsrop for arbeidarklassen i Hellas, og i heile Europa, om å byggje kraftfulle rørsler med humane og sunne måtar å organisere samfunna våre på, snarare enn tilstramming.

Omsett av Tore Johnny Bråtveit

Kshama Sawant

  • Fødd 1973 i India. Emigrerte 2006 til USA og vart amerikansk statsborgar fire år seinare. Tidlegare systemutviklar som blei vald inn i bystyret i Seattle i 2013. Medlem i Socialist alternative som er den amerikanske greina av den internasjonale organisasjonen Committee for a workers’ international (CWI).

 Teksten ble først publisert i Dagens ETC.

 

Har du noen tips eller tilbakemelding å gi oss om denne nyheten, mail oss på rp@marx,su.