Skribenten og litteraturvitaren Nina Björk blei kjend etter at boka hennar Under det rosa teppet kom ut i 1996. Boka tok eit oppgjer med kjønnsrollene, og var med på å inspirera ein ny generasjon feminisme.
For halvanna år sidan skapte ho igjen debatt med boka Lyckliga i alla sina dagar, som er eit oppgjer med kapitalismen og eit ønske om å legga andre verdiar til grunn for eit samfunn.
Eg las boka di, Under det rosa täcket, då den kom. Då var eg 16–17 år, og den gjorde stort inntrykk på meg. I den første boka er det mest om feminismen, mens den siste er mest ein kapitalismekritikk. Er det ein utvikling som har med deg å gjera også, eller er det tilfeldig?
– Nei, det har jo med meg å gjera, eg tenkjer at grunnlaget for heile samfunnet er økonomien og kapitalismen. Eg har nok blitt meir materialist enn det eg var, og då må ein jo sjå på spørsmålet om eigedom.
Så det var ikkje noko du tenkte mykje på når du haldt på med den første boka?
– Eg har alltid vore på venstresida, og har aldri trudd at så lenge me alle meiner bra ting, så blir det bra. Men det var aldri økonomispørsmålet som sto i mitt første fokus, men spørsmålet om kjønn og feministisk rørsle. Det er jo også ein inngang, at ein startar nærmare seg sjølv for å erobra ein intellektuell arena.
Eg opplevde under det rosa täcket som ein kritikk av kjønnsnormar, at kvinner blir skapt som kvinner og må forholda seg til kvinnerolla. I den andre boka ser eg ikkje så mykje av den kritikken, har du forlate den eller er det berre ikkje i fokus?
– Det er alltid vanskelig å vita kva som er ein sjølv og kva som er samfunnet. Men eg kjenner at normkritikken har blitt så hegemonisk på venstresida at ein risikerer å bli for idealistisk og tenkja at årsaken til heile problemet er feilaktige normer, feilaktig oppførsel og feilaktige førestillingar, og det er ikkje ein analyse eg er samd i. Eg trur ikkje det er normer som gjer at me skal skaffa jobb, lønnsarbeid, og finst det ingen jobb så skal ein finna på ein, så me kan konsumera. Sånn som me lever, trur eg ikkje kjem av normer som nokon har tenkt fram og tenkt at det er kjekt om me har det på denne måten. Det kjem av at økonomien er bygd opp sånn at selskapa må ha vinning, må betala skatt og må halda i gang velferdsstaten. Korleis me lever, kjem av dette. Eg meiner ikkje at det ikkje finst normer som er frikopla frå økonomien, det gjer det sjølvsagt. Og eg tenkjer ikkje at det er noko me ikkje bør bry oss med, at det er uinteressant. Men eg har gjort det der, og eg kjenner at det er bra å sei noko anna.
LES OGSÅ: Feminismen må være systemkritisk
Når folk seier at dei føler skyld for å ikkje vera saman med barna, så har du sagt i intervju at det er ok, at det er ein sunn kjensle å ha, dei må gjera noko med livet sitt. Dette har blitt kritisert for å vera ei individuell løysing, men i boka ser det ut til at du krevjer endringar i samfunnet, ikkje at folk berre for seg sjølv begynner å arbeida mindre.
– Det ville jo vera ei privilegert gruppe som kunne gjera det i så fall. Men greia er jo at innanfor feminismen så fins det ein slendrian-reaksjon som seier at ein ikkje skal ha nokon skuldkjensle, at det er feil. Det er liksom sjølvsagt i feminismen at ei framgangsrik, sterk, feministisk kvinne er ei som forlèt borna og arbeider, gjer karriere og blir vellykka. Men ein må jo alltid sjå kva slags modellar me har for vellykka liv i eit samfunn. Det at me har denne modellen er ikkje så merkelig, for det er kva økonomien krev av oss. Og det er framfor alt ein rolle menn kan oppfylla. Men eg synst ikkje det skal bety at derfor skal feminismen streva for at kvinner også skal oppfylla den rolla. Det er ikkje noko argument at menn gjer det. Det me skal diskutera, er om det er bra eller dårlig, ikkje kva kjønn det er som gjer ting. Det finnes ein risiko for at ein bruker feminismen for å sleppa å vurdera sjølv, for det er så sjølvklart at kvinner skal gjera det menn gjer. Eg synst ikkje me skal herma etter den vellukka kapitalistiske mannen.
LES OGSÅ: Etterspør kvinnefrigjøring
I Noreg har me hatt ein debatt om tidsklemma.Har de hatt den i Sverige óg? Eg oppfattar at den handlar for det meste om skyldkjensle, ikkje om nokon kollektiv løysing, ingen kritikk av samfunnet, berre at alt er så vanskelig.
– Livspusselet blir det kalt her. Ja, det er vanskelig, og kvinner skal ikkje føla skyld. Ei anna løysing som har blitt praktisert her, er at ein gir skatteletter til at man kjøper tjenester som er tradisjonelt kvinnearbeid i hjemmet, så det har blitt lønnsarbeid. Den som oftast vaskar heime, altså kvinna, trenger ikkje lengre å vaska eller laga mat eller laga barneselskap eller vaska klede eller handla, for alt det kan ein kjøpa. Det blir kalla RUT-avdrag i Sverige. Når ein kjøper vasketenester for 1000 kroner, så får ein skatteavdrag for dei. Så alle våre felleskostnadar går til desse tenestene, som alle sjølvsagt kan nytta seg av, men som sjølvsagt dei rikaste brukar. Så dette er jo ein måte å løysa problemet kollektivt, men problemet er jo at ein beheld både lønnskilnadar og klasseskilnadar, og ein beheld strukturen med vektlegginga av å arbeida så mykje.
Har sekstimarsdagen hatt nokon plass i den svenske debatten?
– Eg trur den hadde det før, ein diskuterte det på 70-talet. Men no er det spørsmålet ganske daudt. Eg trur at Venstrepartiet har det som eit krav, men dei har bestemt seg for å ikkje legga vekt på det offentleg. Men det er ingen levande diskusjon om seks-timarsdagen.
LES OGSÅ: Kvinner, arbeidsliv og sekstimersdagen
I eit av intervjua du gjorde etter den siste boka kom ut, sa du noko om at ein må ha sekstimarsdag?
– Det er jo klart at me må ha sekstimars arbeidsdag. Eg meiner at det er jo heilt sjukt at me ikkje har det. Eg har eit problem med at eg aldri kan hugsa tal, for da hadde eg hatt eit mykje betre argument, men du veit at produktiviteten har auka. Ein person gjorde ein ting for hundre år sidan, så gjer den hundre ting i dag. Så kvifor skal me jobba så mykje? Det er difor me får det problemet at ein må laga jobbar for folk. Det å dela på dei jobbane som finst, er det absolutt naturlige. Men i dag er det ikkje mogleg å ha ein diskusjon om kva slags arbeid som må gjerast i eit samfunn. For eksempel i pleia så trengst det fleire folk, men sidan ingen privat kapitalist tener pengar på dei som jobbar der, så er det ikkje lønnsamt å auka bemanninga. I vårt samfunn ser ein etter kor ein finn gevinst, ikkje kva som trengst å gjerast. Eit eksempel eg hadde i boka, var om ei annonse for bikinivoksing av 8-åringar. Det verkar jo sjukt, men i vårt samfunn så burde ein eigentleg tenkja at det er så bra, for det skapar jobbar. Mannen min snakka med ein fyr som jobba på 7 eleven, han hadde jobba i Malmö, og bur eit stykke utfor Lund. Han jobba til klokka tre på natta, og toget gjekk ikkje før klokka seks. Så han måtte sitta tre timar på Malmö sentralstasjon på natta to–tre dagar i veka. Tenk at det er eit eksempel på eit bra liv! Det er noko som har gått bra, det er eit menneske som har fått jobb. Det er ikkje noko som har gått feil i at nokon sit tre timar på sentralstasjonen, det har gått bra. Og det er jo ikkje sånn at eg meiner han heller skulle vore arbeidslaus. Men eg synst det er eit fattig samfunn som ikkje ser at det ikkje bør vera sånn, men som tenkjer at yess, dette er herlig.
Eg synst det du skriver i den siste boka di om at me treng eit anna samfunn, og at andre verdiar må vera grunnleggande, er veldig spanande. Du skriver også at det å få barn gir ein kjensler og erfaringar som er revolusjonære. Eg forsto det ikkje heilt, kan du forklara det?
– Ja, du har vel ikkje fått barn. Og eg trur ikkje alle føler det sånn. Men for meg var det sånn at kjensla av at menneska er så avhengige, eg har ikkje kjent så mykje før på det at menneska er så avhengige av å bli tatt vare på så lenge. Samanlikna med hundar og kattar, så må det veldig lenge vera nokon som mater og bærer og tar vare på. Og då er det merkelig at samfunnet trur at menneska er så sjølvstendige og individuelle og uavhengige og sjølvskapande. Alt det blir heilt feil, ein nyter av å tilhøyra nokon annan, det er ikkje eit offer, det er herlig. Det var godt å kjenna at ein kan vera sånn, og eg trur ikkje det berre er eg som har kjent sånn. Eg tenkjer ein kan ha det som ein modell for korleis menneska skal forholda seg til kvarandre politisk også. Det finst i ordet solidaritet, som ikkje har med foreldre–barn-relasjonen å gjera. Men det er litt meir avstand i det ordet, at eg er solidarisk i at eg forstår den andre og handlar deretter. Men brorskap og systerskap, syskenskap, er kanskje betre ord. Og det finst allereie i den franske revolusjonen som eit politisk slagord. Ein opplever det, eg opp-lever det, i foreldreskapet.
LES OGSÅ: Hvorfor jeg aldri fikk barn
Eg tenkjer jo at det fellesskapet og den erfaringa å vera til for nokon andre, det finst jo i andre relasjonar også, som i vennskap og i kjærleiksrelasjonar og i å ha ein relasjon til barn som ikkje er eins eigne biologiske barn.
Det treng absolutt ikkje å reserverast for den relasjonen, og endå mindre for biologiske barn, for eg trur ein kjenner likedan for alle barn ein lever med. Men eg tenkjer at i kjærleiksrelasjonar så finst det meir tenking rundt at ein sjølv skal få noko ut av det. Og at ein skal gå om den andre blir for kjedelig eller kranglete. Og det er ikkje nødvendigvis feil. Men i barn–foreldre-relasjonen så er poenget at det er for evig, at det kan ikkje forhandlast, det finst ikkje det der kalkulerande om «gir dette barnet meg det eg behøver» eller «begynner me å stagnera i forholdet vårt». Vennskapsrelasjonen trur eg i praksis fungerer sånn at ein blir hos ein venn ganske lenge sjølv om han eller ho, fordi ein treffer ikkje kvarandre så tett. Men det begynner jo også å komma den ideen i dameblad om at « venninna di er ein energitjuv», der ein lærer at om ein venn tar meir frå deg enn han eller ho gjer deg, så skal du avslutta den relasjonen. Det er igjen denne tanken om pluss og minus. Men ingen har kome på det når det gjeld barn og voksen.
På noko sett så har jo feministrørsla i sin kritikk av familien også stilt spørsmålsteikn til den relasjonen, for eksempel om ein må elska sine foreldre sjølv om dei er autoritære, og vil tvinga på deg eit anna liv enn det du vil ha.
Men eg meiner ikkje at barn må elska foreldra sine på den måten, men at foreldre må elska sine barn. Det å vera til for nokon annan er jo ei kvinneleg erfaring som ein har gjort seg sidan den borgarlege familien oppsto, eit ideal om å vera til for mannens behov. Det var vel ikkje heidundrande bra, og det gjorde ikkje dei kvinnene lukkelege. Eg meiner at det finst noko verdifulle kvinnelege erfaringar, sjølv i patriarkalske samfunn. Det er ikkje sånn at viss ein er til for nokon annan, så har ein ikkje røysterett eller så har ein ikkje noko eige prosjekt. Ein kan ikkje berre sei at noko blei gjort før, og difor er det dårlig.
Kva synst du om debatten som kom etter boka di?
– Eg tenkte at ojoj, her angriper eg det at det er viktig å ha jobb, og kapitalismen, og den økonomiske veksten, det er tre saker som alle er samde om. Ein kan diskutera om det skal vera mjukare eller hardare kapitalisme, om jobbane skal vera meir i offentleg eller privat sektor, eller om veksten skal vera grøn eller brun. Det er jo sånn at når ein tenkjer for sprøtt, så får ein ikkje vera med i debatten. Men alt dette viste seg å vera fullstendig mogleg å sei, og mange var samde. Det er alltid sånn at ein kan sei meir enn ein trur, viss ein berre gjer det på den riktige måten, rolig og steg for steg, logisk. Det gir meg mykje håp, for eg trur at dei fleste menneskje tenkjer det same. Til dømes tenkjer dei fleste at dei har det betre om det ikkje er tiggarar på gata. Ein ekte nyliberalar burde jo tenkt at der sitter ein tiggar, og det er bevis på at eg har lukkast, eit bevis på at systemet funkar. Men sånn er det jo ikkje, dei fleste blir triste. Så eg blir håpefull, for ein del ting er ganske likt for folk. Og viss ein held fast på det, så forklarer det kvifor det gjekk greitt at eg kunne sei alle dei tinga som eg tenkte var kontroversielt med boka mi.
LES OGSÅ: «Å være fri er å ha fri»
Trur du at det går an å få større oppslutning om desse ideane?
– Nei, det trur eg ikkje i det heile tatt. Eg blei håpefull fordi ideane finst, og at dei blir delt av folk. Eg har no snakka om boka i halvanna år, og det som folk føler, er det ikkje noko politisk offentlegheit som snakkar om. Og spesielt miljø, som er eit så soleklart eksempel på at dette systemet ikkje fungerer. Men det er inga anna løysing på miljøproblemet enn å endra det økonomiske systemet, og eg har ingen større tiltru til at kapitalismen skal avskaffast på grunnlag av rasjonelle argument, gjennom vedtak i parlamentet. Og så lenge det er sånn at me bestemmer kva som blir produsert ut frå at ein skal gjera økonomisk profitt, så følgjer alt det anna. Og viss det er sånn at profitten kjem av menneskeleg arbeide, så er det sånn at folk uansett må arbeida for å skapa profitt. Og det er klart at nokon må kjøpa produkta for at profitten skal bli realisert. Så eg trur at det kjem til å vera som det er. Men det betyr ikkje at ideane er uinteressante. Om alle skulle begynt å tenkja at oj, økonomien vår krevjer vekst, men det går jo ikkje for miljøet, så skulle jo noko kunne skje. Men det måtte vera veldig stort. Til og med om heile Riksdagen i Sverige blir samde om at me ikkje skal ha økonomisk vekst, at det ikkje kan vera eit av våre fremste økonomiske mål, så veit eg ikkje om det spelar nokon rolle. Kapitalen kan ein ikkje stemma over i Riksdagen, den har jo stor makt.
Eg held på å skriva ei bok no, og eg tenkjer at eigentleg er alle innanfor kapitalismen makteslause. Sjølv den største kapitalisten må jo handla som han eller ho handlar, dei kan ikkje velja at no finst det så mykje av mitt produkt på marknaden, så no sluttar eg å investera i ny maskin, eller eg tar det rolig. Då blir dei utkonkurrert. Det er faktisk ingen som har kontrollen. Det er jo klart at eg er sosialist av andre grunnar, men når det gjeld miljøet så kan ein ikkje sei noko anna enn at me må ta kontrollen.
Først publisert i tidsskriftet Rødt! nr 1 2015.