Dei er ikkje heilt rettferdige dei som seier at Sylvi Listhaug ikkje har landbrukserfaring. For nokre år sia prøvde ho til med å kjøpe opp jord som var øyremerka for matproduksjon.

Samtidig bør vi hugse at ein statsråd som skal forandre, treng meire enn erfaringar på departementet sitt fagfelt. Dei som er forundra, bør hugse på at Erna Solberg heller ikkje er den første regjeringssjefen som rekrutterer ein viktig statsråd frå eit uventa fagmiljø.

Jens Stoltenberg bestemte seg for snart 14 år sia for å innføre bedriftsøkonomisk styring av sjukehusa. Han må ha funni ut at helseminister Guri Ingebrigtsen, med Ap-bakgrunn som ordførar i Vestvågøy og fjern AKP-fortid, var for lett. Stoltenberg henta inn ny helseminister frå Røkke-konsernet. Konsernsjef Tore Tønne i Norway Seafoods AS fekk oppgåva. Og Tønne gjorde jobben for Arbeidarpartiet. Han brukte mindre enn 15 månader på først å lage og deretter få Stortinget til å vedta lova om at offentlege sjukehus skal styrast på omtrent same viset som eit kommersielt aksjeselskap.

Eit frigjeringsprosjekt
Landbruksminister Sylvi Listhaug har óg store ambisjonar. I juni 2010 skreiv ho at norsk landbrukspolitikk er ”et kommunistisk system der det offentlige regulerer alt.” Ho har poengtert at ”det ikke er en fremtid i et kommunistisk system der du er prisgitt staten.”

Ho og FrP står for frigjering frå den kommunistiske tvangen som både Senterpartiet og Høgre har stått bakom: ”Fremskrittspartiet mener det er på tide med en ny medisin der vi slipper bonden fri til å produsere det en vil og så mye en vil.” Når det er sagt, så bør ingen glømme at landbrukspolitikken i dei siste åtte åra har ført til nedlegging av gardsbruk i høgt tempo.

Mens matprodusentane ventar på frigjeringa, kan vi kikke litt på det byråd Listhaug utretta før dette siste karrierehoppet.

Praktikant i Kongressen
Listhaug gjekk i ein god skole før ho satsa tungt i Oslo-politikken. Wikipedia fortel at ho i ein periode var praktikant i Representantenes Hus i Washington. Dei siste vekene har vi jo sett at særleg høgrefløya der har mangt og mykje dei kan lære andre. Ei tid etter praktikantperioden reiste Listhaug tilbake til USA for å studere amerikansk politikk. Da ho kom heim hausten 2005, kan vi rekne med at ho hadde fått med seg grunnleggande kunnskap.

Hausten 2005 fekk sunnmøringen Sylvi Listhaug jobben som byrådssekretær og politisk assistent for Eckbo. Framtida var lys, for Listhaug og for eldreomsorga.

Partifelle Margaret Eckbo var eldrebyråd i Oslo på den tida. Hausten 2005 fekk sunnmøringen Sylvi Listhaug jobben som byrådssekretær og politisk assistent for Eckbo. Framtida var lys, for Listhaug og for eldreomsorga. To år før hadde FrP ei oppslutning på 16,5 prosent i kommunevalet i Oslo. Og det skulle ikkje vare lenge før Listhaug reint personleg kunne ta eit kraftig steg opp og fram.
Etter kort tid, nærmare bestemt 16. januar 2006, fekk nemleg eldrebyråd Eckbo uventa besøk på Rådhuskontoret sitt. To erfarne partifeller – gruppeleiar Svenn Kristiansen og bystyremedlem Henning Holstad – kom for å ta ein personleg prat. Da dei tok gjekk ut døra, hadde Margaret Eckbo bråbestemt seg: Ho ringte byrådsleiar Erling Lae og sa at ho av personlege grunnar ikkje ville vere eldrebyråd ein einaste dag til. Etterpå ringte ho til legen.

Gruppeleiar Svenn Kristiansen fortalde seinare korfor han rydda veg for Sylvi Listhaug på dette viset. Over ein whisky og i godt lag i Altea ein månad seinare sa han det slik: ”Jeg har ikke noe imot a’Margaret, men jeg var nødt til å gi ’a sparken.” Da Margaret Eckbo vart frisk igjen, var ho på nokre få bystyremøte. Så fekk ho retrettstilling som gravferdsdirektør.

For Sylvi Listhaug gjekk det betre. Nærmast over natta vart ho byråd for eldre og sosiale tenester i hovudstaden. Ingen av FrP sine kommunepolitikarar styrte eit større budsjett enn henne.

Landbrukserfaring frå Spania
Den nye eldrebyråden la raskt breisida til for å bygge kommunal sjukeheim i Spania. Forgjengar Eckbo hadde knapt nok fått til ein fomlande start. Sylvi Listhaug reiste til den spanske småbyen Altea eit drygt halvår etter ho vart byråd. Ho skulle legge ned grunnsteinen, slik vanleg er når alt er klart for eit viktig byggeprosjekt. Byrådssekretær Jøran Kallmyr hadde lagt opp programmet. Listhaug let seg ikkje hefte av at bygningskyndige kritikarar som meinte ho kanskje var litt tidleg ute med grunnsteinen. Her skulle det gå fort.

Og farten var høg, heilt til det vart bråstopp. Sjølv om Listhaug var odelsjente den gongen óg, hadde ho kanskje ikkje fått med seg at den nyinnkjøpte, veglause tomta oppe på Montemolar var regulert til landbruk og matproduksjon. Slike detaljar er det lett å gå glipp av. Dessutan hadde den siste bonden som dyrka appelsiner der, gitt opp for mange år sia.

Sjølv om Listhaug var odelsjente den gongen óg, hadde ho kanskje ikkje fått med seg at den nyinnkjøpte, veglause tomta oppe på Montemolar var regulert til landbruk og matproduksjon.

Jorda var skrinn. Men det skal Listhaug ha: Ho ga ikkje opp, sjølv om no nærmast hadde skaffa seg spansk småbrukarstatus.
Seremonien på den nyinnkjøpte tomta på Montemolar vart ikkje heilt som forventa. Grunnsteinen viste seg å vere ein pall og eit par leca-blokker. Men festen på ein stilig restaurant etterpå, var fin.

”Snart kan de bade i Syden”
Aftenposten intervjua Listhaug da ho kom heim igjen. Overskrifta var ei klar melding om korleis FrP-byrådem skulle gjere kvardagen betre for dei som budde på sjukeheim: ”Snart kan de bade i Syden”. Aftenposten fortalde at ”om et halvt år skal Oslo kommunes nye sykehjem i Spania stå ferdig.” Og byråd Listhaug føyde til: ”Men dette er bare starten. Målet er at alle skal kunne velge om de vil ha sykehjemsplass i Spania eller Oslo.”

 Byråd Listhaug klarte ikkje å få til verken landbruk eller eldreomsorg på Montemolar. Ho skapte berre eit pengesluk.

Sjukeheimen vart aldri bygd. Byråd Listhaug klarte ikkje å få til verken landbruk eller eldreomsorg på Montemolar. Ho skapte berre eit pengesluk. Skattytarane i Oslo har betalt meir enn 30 millionar for moroa.

Arbeidskraftimport
Eldrebyråd Listhaug markerte seg óg som ivrig tilretteleggar for det private heimetenestefirmaet ASOR. Ekteparet som styrer dette firmaet, starta i det små da det vart lov å drive privat arbeidskraftformidling. Dei fann ei nisje i marknaden: Import av sjukepleiarar frå Filippinane. Dagsavisen starta i november 2008 ei knusande opprulling av metodane dei brukte. ”Slavearbeid” sa Dagsavisen etter at journalistane hadde intervjua sjukepleiarar som arbeidde gratis i månadsvis. Men eldrebyråd Listhaug beskytta ASOR.

Bedriftseigarane har mykje å takkke henne for.

Bratt nedtur
I oktober 2011 vart det likevel bråstopp i den lovande politikarkarriera. Ho og partifellene i byrådet var ikkje akkurat stemmemagnetar. Berre sju prosent brakte FrP sin stemmesetel ved kommunevalet i Oslo i 2011. Nedturen var bratt, frå 16,5 prosent i kommunevalet åtte år tidlegare. Sylvi L:isthaug var byråd i nesten seks av desse åra.

Framtida vil vise om ho har større suksess som landbruksminister enn som eldrebyråd. Ho fann seg jo ein god yrkeskombinasjon i dei to åra som har gått sia ho måtte forlate byrådet i Oslo. Ho vart ein sentral, men diskré aktør i lobbyistfirmaet First House. Ho hadde hemmeleg kundeliste, slik skikken er i selskapet der Bjarne Håkon Hanssen AS (!) eig 10 prosent av aksjane. Listhaug arbeidd der samtidig som ho var vararepresentant til Stortinget.

Framtida vil vise om ho har større suksess som landbruksminister enn som eldrebyråd. Ho fann seg jo ein god yrkeskombinasjon i dei to åra som har gått sia ho måtte forlate byrådet i Oslo.

FrP går no inn i regjering etter å ha mista meir enn ein fjerdepart av valoppslutninga sia stortingsvalet i 2009. Nedturen frå 22,9 til 16,3 prosent på landsplan i løpet av de fire siste åra var omtrent like bratt som perioden da Sylvi Listhaug og partiet hadde utøvande kommunal makt i Oslo.

Etterkvart får vi sjå om folk flest blir begeistra over den nye medisinen som ”slipper bonden fri”? Berre framtida kan fortelje om om denne framtidsvisjonen ender opp på same måte som lovnaden om at ”alle skal kunne velge om de vil ha sykehjemsplass i Spania eller Oslo”.

Du kan lese meir om Sylvi Listhaug sine merittar i VÅR KORRUPTE HOVEDSTAD, som Spartacus forlag ga ut i 2011.

Erling Folkvord er politiker i partiet Rødt. Han har tidligere sittet i bystyret for Rød Valgallianse (RV) og Rødt i Oslo og sittet en periode på Stortinget for RV. Hans spesialfelt som politiker har vært avsløring av korrupsjon og maktmisbruk.

16 svar på “Sylvi Listhaug: Praktikanten som vart landbruksminister”

  1. En opplysende artikkel, vi glemmer fort hva politikere har gjort. Nå er det her og nå situasjonen som gjelder;)) First House, hva kan de fortelle oss??

  2. Med det samme du er igang…fortell oss om tømmerhugger som blir stortingspresident, leppa fra Grorud som også fikk en statsrådpost, eller sveiser som ble industriminister…for å nevne et par tre. Ikke det at de gjorde så mye galt…snarere at de fikk vise om de dugde til noe. Den tapende rødgrønne sausen legger det meste av sin energi i å rakke ned på nye regjeringsmedlemmer endog før de har fått satt nøkkelen i låsen. Patetisk sier jeg bare. Men ikke uvant polemikk fra den kanten. Med en så illeluktende og pervers hverdag må det være et ork å stå opp om morran…

    1. Erling Folkvord er medlem av Rødt, som aldri har vært en del av det rødgrønne samarbeidet.

      1. Det har jeg heller ikke skrevet. Men han er kanskje ikke på samme politiske fløy…? At de «Rødgrønne» ikke ville vite av «Rødt» som en deltager i samarbeidet forut for Soria Moria er ikke noe å grine for.

        1. Rødt ønsket heller ikke å være en del. Det eneste jeg forsøker å gjøre er å si at det ikke er riktig å gruppere disse sammen. Rødt repr. ved f. eks. Folkvord eller for den saks skyld Moxnes har da også vært arge kritikere av såvel de rødgrønne som de blå.

          1. Mye usaklig på slutten her… De andre du nevner, de er i motsetning til Listhaug, skikkelige arbeidsfolk! At det opplyses om hva Øisthaug har oppnådd tidligere i arbeidslivet, syns jeg er fint,d ette er noe folk blr få vite, akkurat som folk bør få vite at en sveiser og tømmerhogger er dyktige i sine respektive yrker, for dette har noe å si ift senere ansettelser.

          2. Noe sent svar, men ettersom hverken ortografien eller argumentasjonen i Kjell Kvams bitende kritikk av hans opplevde usaklighet fremdeles ikke henger mer på greip enn den grundige gjennomgangen Frps byrådville medlemmer gjorde, tar jeg meg den frihet å være en smule pedantisk. Først og fremst, dette var opprinnelig Margaret Eckbos fadese, men har hun først så i teløvene at flere millioner på tomt uten bygningstillatelse neppe godt eldresenter blir, er det ikke rart man, som konen til Anders Langes etterfølger, fortsetter trygg med enklere bygg på 6 års åremål som gravferdsdirektør.

            Så….slik sto saken, hvem skulle kunne ane at en noen og tyve-åring med lærerutdanning, og minst et års erfaring fra kateteret på Møre, skulle fronte beboerne i Oslos frie valg av eldretjenester i Spania(!) så standhaftig at selv 30 millioner for tømt tomt bare var en bagatell, nei det var jammen et friskt pust.

            For å avslutte; Folkvord og andre drivende dyktige lokalpolitikere, dvs. mennesker med lokalkunnskap, årevis av erfaring fra kommunens parlamentariske modell og en langt over gjennomsnittlig evne til «live and let the idiots leave», har hittil vært vår eneste sikkerhetsmargin mot ren og skjære galskap, forkledd som inkompetanse.
            Ser ut til at oppgaven ikke er over enda; underlig at ikke alle lokal og rikspolitikere tar i bruk denne elektroniske internetten, så kunne vi gått de og deres arbeid i sømmene selv…..der har det gått særdeles sakte….dog ikke fullt så sakte som om du venter på plass på eldresenteret i Spania. Da har du faktisk råd til privat pleie, ikke inkompetente lokalpolitikeres valgflesk som blir svidd lenge før grisen er slaktet…..

  3. 30 mill for et hull på et tørt jorde i Spania. Gudene vet hva hun kan stelle i stand som landbruksminister!!!

    1. mulig at dette er Høyres plan for å kvitte seg med Frp for godt. Er jo litt merkelig at de to erkerivalene skal sitte i regjering, da.

  4. SYLVI SOLBAKKEN

    Eg er odelsjente, eg då, ser di, ja!
    Så ein fløyteskvett i kaffin lyt eg ha!
    Her eg sit i byen ved mitt skrivebord!
    Og i vasen har eg blomar frå ho mor!
    Nei, di må’kje koma her og koma her!
    D’er’kje bønder, det er snyltarar di er!
    Kommunistar vil eg ikkje vita av!
    Gje meg asfalt og eit frilynt oljehav!
    Men no lyt eg byggje landet. Tra la la!
    Eg er odelsjente, eg då, ser di. Ja!

    ..

  5. Jeg synes Sylvi Listhaug har gjort fra seg godt og grundig, både i regjeringen og på det lille huset i bakgården. At hun har tatt feil av disse to stedene noen ganger må vel føre til at hun trekker seg ut av regjeringen, og fortsetter sin karriere på det andre av de to stedene.

  6. Jeg forstår veldig godt at landbruksorganisasjonene er veldig skeptiske. Frp ville, det gikk de til valg på, fjerne 6,5 milliarder kroner av landbruksstøtten. Det å slippe bonden ftri betyr at man åpner for store bruk, nærmest syndikater, som har så stor produksjon at andre må legge ned, Fordi de vil styre markedet totalt. Det igjen betyr at distriktene, med sine småbruk, blir skadelidende. Dette dreier seg om boseting og om arbeidsplasser. Når det gjelder artikkelen over vil jeg hevde at det er synd Folkvord ikke tar fatt i det helt grunnleggende, men sparker politisk både til den ene og den andre, ikke minst de rød/grønne, som faktisk førte en landbrukspolitikk både bondelaget og bonde- og småbrukarlaget var rimelig godt fornøyde med.

  7. Glimrende artikkel!
    Kan du ikke gå under huden på Julie Brodtkorb også? Hun vil heller ikke oppgi kundelister fra First House og sitter som nærmeste rådgiver på statsministerens kontor. Uhørt!

  8. Noen lærer av sine feil, – on noen overlater konsekvensene til andre….

  9. Man kan lære av andre sine feil, man behøver ikke gjøre alle selv, sies det. Sylvi Listhaug lærer ikke av andre sine eller egne feil hun og det er enda verre.

  10. «Og Tønne gjorde jobben for Arbeidarpartiet. Han brukte mindre enn 15 månader på først å lage og deretter få Stortinget til å vedta lova om at offentlege sjukehus skal styrast på omtrent same viset som eit kommersielt aksjeselskap»… I den historien hører det vel også med hvilken vesentlige merkostnader staten måtte ut med da sykehusforetakene plutselig måtte gjøre sine avskrivninger på bygningsmassen inn i driften som allerede etter 6 år derfor viste ett akkumulert underskudd på 24 milliarder NOK (som for øvrig ingen hadde tenkt på). Så som ett vellykket eksempel er jeg ikke så sikker på. I alle fall ikke fra ett regnskapsperspektiv med tanke på at hadde man fulgt kommunale prinsipper så ville driftresultatet vært positivt samtidig som ble investert 46 milliarder NOK i spesialisthelsetjenesten etter 2002.

Kommentarer er stengt.