Illustrasjon: M. Adiputra, Wikimedia Commons.

Vi må slutte å sjå på morsmål som eit verktøy for å fremme norsk, men heller som eit mål i seg sjølv.

Noreg har internasjonale ambisjonar med investeringane sine, og me har også eit fleirkulturelt samfunn her heime. Likevel er det få politiske parti som vil satsa på språkopplæring av dei som har potensiale for å læra andre språk raskt, dei som har språka som sine eigne morsmål. Dette vitnar om eit syn på befolkninga med innvandrarbakgrunn som at dei berre er eit problem.

Forsking viser at born som kan sitt eige morsmål godt også står sterkare i å læra andre språk. Det er vanskeleg å læra seg nye språk når ein ikkje har eit godt rammeverk på sitt eige. Den viser også at det er enklare å læra fleire språk som born, enn når ein er eldre. Det er fordi språklæringa til born skjer på ein annan måte enn den tunge og intellektuelle tilnærminga ein får når ein blir eldre.

Det å ikkje kunna morsmålet sitt er øydeleggjande for kontakt med familien, både foreldre som er dårlige i norsk og familie i heimlandet. God, tilstrekkelig og tilgjengelig norskopplæring for innvandrarar er viktig. Men sjølv om alle i Noreg snakka godt norsk er det likevel fint å kunna høyra frå bestemor om korleis pappa var som born.

Mange innvandrarar arbeider i barnehagar, men kompetansen deira blir ikkje nytta i særleg grad, det blir lagt større vekt på utfordringane dei har på norsk. Det same gjeld i eldreomsorga. Det trengst helsepersonell som snakkar spansk eller urdu når fleire med det som morsmål blir gamle.

Eit argument mot tospråklege klassar, morsmålsundervisning og anna språkopplæring på morsmålet er at det er så mange språk at ein ikkje kan gje alle eit slikt tilbod. Men majoriteten av innvandrarane kjem frå dei same språklege minoritetane, og det å gje eit godt tilbod til mesteparten av morsmålsbrukarane ville ikkje vore vanskeleg.

Ein har i gått bort frå å sjå på morsmål som eit mål i seg sjølv, og ser på det som eit verktøy ein kan bruka fram til nivået på norsk er såpass at ein får utbytte av vanleg undervisning. Praksis i Oslo er eit godt eksempel på det: På 80-talet hadde ein fleire spanande forsøk med tospråklige klassar og utstrakt morsmålsundervisning med mål om å læra morsmålet. Rune Gerhardsen fekk Arbeiderpartiet i Oslo til å snu i samband med kommunestyrevalet i 1991 og sørga dermed for fleirtal for å avvikla morsmålsundervisninga. Gerhardsen fekk også med seg SV på dette. Tidleg i 1993 la derfor A/SV-byrådet fram eit nytt opplegg som bystyret vedtok. Sidan den gong har morsmålet berre vore eit slags «reiskapsspråk» for å gjera norskopplæring lettare. Det som til dels blir kalla morsmålsundervisning i Oslo har til og med vore dårlegare enn det som krevst i statleg forskrift.

Utviklinga i språkopplæringa i Noreg har altså gått i motsett retning av kva som er behovet til samfunnet. Viss me hadde gitt elevar med anna morsmål opplæring i det frå starten av skulegangen og ut vidaregåande opplæring kunne dei nytta seg det som arbeidsspråk. Det hadde vore samfunnsøkonomisk bra. Det å kjenna til fleire kulturar og fleire språk gir ein uvurderlig kompetanse. At Noreg ikkje legg til rette for at folk kan bruka den kompetansen viser at ein stort sett ser på innvandring som eit problem, bortsett frå når ein treng billig arbeidskraft.

Ingrid Baltzersen er tidlegare leiar i AKP og nestleiar i Raudt. Ho var bystyrerepresentant i Oslo for Raudt i perioden 2007-2011. Utdanna midtaustenvitar og har jobba to år som trikkeførar.